NRK Meny
Normal

– Norske soldatar vil bidra til undertrykking

Den norsk-irakiske samfunnsdebattanten Thee Yezen Alubaide meiner norske soldatar i Bagdad vil gjere vondt verre: – Dette vil berre føre til meir brot på menneskerettane og kan i verste fall styrke IS.

Thee Yezen Alubaide

KRITISK: Thee Yezen Alubaide fortel at sunni-befolkninga i Irak ikkje støttast IS, men at mange no fryktar den Bagdad-støtta militsen meir. Han er redd for at om Noreg sender soldatar til Bagdad så kan det føre til sinne frå sunniane i Irak.

Foto: Øystein Windstad

I løpet av våren så skal Noreg sende 120 soldatar for å hjelpe den irakiske regjeringa mot IS. Det skjer etter at den såkalla Islamske staten har tatt store deler av Irak. Thee Yezen Alubaide meiner Norske troppar i Irak vil forverre situasjonen:

– Irak er eit kvefsebol og Noreg vil delta i noko me ikkje har peiling på. Tanken er å gå inn og hjelpe det irakiske folket i kampen mot IS. Det ein då gjer er å velje ei side i denne grufulle borgarkrigen, seier Alubaide.

Miltis bak grove overgrep

Alubaide var med å arrangere den første store demonstrasjonen mot Pegida og har jobba aktivt mot radikalisering av norske muslimar. Laurdag gjekk han ut i Klassekampen med ein kronikk der han åtvarar mot å sende norske styrker til Bagdad.

Store deler av styrkane som krigar for den irakiske regjeringa høyrer til sjiadominerte militsar. Rapportar frå Amnesty International og Human Rights Watch viser at desse militsgruppene står bak grove brot på menneskerettane mot folk i frigjorde sunni-område.

Ein rapport som kom 18. mars viser at etter militsen hadde jaga vekk IS så blei 30 landsbyar lagt i grus og fleire tusen sivile drive på flukt. Det er dokumentert drap og tortur av sivile:

– Det som skjer no etter at IS har blitt slått tilbake og militsen tek over, så går dei amok på den sivile befolkninga. Dei som skal redde dei sivile, viser seg å vere dei som drep sivile, seier Alubaide.

(Saka fortset under bildet)

Thee Yezen Alubaide

DREPNE SIVILE: Thee Yezen Alubaide har vore aktiv på sosiale medium og har publisert bilde og videoar som viser tortur og drap av sivile i Irak. Han er for å sende norske soldatar til kurdisk-kontrollerte Nord-Irak, men fryktar at Noreg og dei 50 andre landa som skal støtte den irakiske regjeringa kan bli med å støtte opp om overgrep mot sunni-befolkninga.

Foto: Øystein Windstad

– Må stille krav

Norsk-irakiske Alubaide meiner Noreg må sei klart og tydeleg frå til den irakiske regjeringa at militsen må slutte å drepe og torturere sivile:

– Noreg må stille som krav at det må bli slutt på overgrep gjort av dei som slost for Bagdad-regjeringa om me skal sende soldatar for å trene dei. I tillegg så må det vurderast internasjonale bidrag som kan gå inn og sikre at sivilbefolkninga blir tatt vare på etter at IS er jaga ut.

Øyvind Halleraker

POSITIV: Øyvind Halleraker i Høgre trur norsk nærvær vil vera positivt.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Øyvind Halleraker er forsvarspolitisk talsperson for Høgre. Han seier det sjølvsagt er kritikkverdig med overgrep – om dei har funne stad.

– Eg har forstått det slik at lojale militsar som har nedkjempa IS-celler har fått instruks frå myndigheitene om å hjelpe lokalbefolkninga og ikkje drive med reprimandar.

Han er ikkje einig med Aubaide i at norske styrkar i Bagdad vil gjere vondt verre.

– Det tvilar eg sterkt på, internasjonalt nærvær vil nødvendigvis vera positivt.

– Det har lenge vore ein borgarkrig mellom sunni og sjia i Irak. Den sittande regjeringa er sjiadominert. På kva måte kan Noreg vere med å overvinne IS utan å støtte opp under borgarkrigen og sunni/sjia-konflikten?

– Vårt bodskap til regjeringa i Bagdad er at dei må reelt inkludere sunniane for at vi skal lykkast i kampen mot IS. Vi skal trene både kurdarar og ordinære irakiske styrkar. Trening bidreg også til forståing for reglar, og dermed redusert risiko for overgrep, seier Halleraker.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger