Hopp til innhold

Stoltenberg: Noreg er meir utsett for terrortrussel

Terrortrusselen mot Noreg er større enn tidlegare, meiner statsminister Jens Stoltenberg.

Jens Stoltenberg foran statsministerboligen

Statsminister Jens Stoltenberg framfor statsministerbustaden. Ni år etter terrorangrepet mot USA, meiner han terrortrusselen mot Noreg er større enn tidlegare.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

9/11

To fly krasja inn i World Trade Center 11. september 2001. Det endra verda, meiner statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: Seth McCallister / Scanpix/AFP

– Trusselnivået er nok lågare i Noreg enn i andre land, men vi har jo hatt arrestasjonar og vi har trappa opp politiarbeidet nettopp fordi vi veit at det er større truslar no enn tidlegare, seier Stoltenberg til NRK.

– Verda endra i 2001

I dag er det ni år sidan det største terroranslaget på amerikansk jord vart gjennomført. Og i går prøvde ein mann å sprenge seg i lufta i København. Samtidig har det kome truslar om koranbrenning i USA for å hindre bygginga av ein moské ved Ground zero i New York.

– Det er eit uttrykk for at verda vart endra i 2001, fordi vi fekk eit terrorangrep mot USA der fleire tusen menneske døydde. Følgjene av det har vore mellom anna krigen i Irak og Afghanistan, seier Stoltenberg.

Dialog og forsoning

Statsministeren oppfordrar samtidig til forsoning og meiner det er viktig å svekkje motsetningar mellom grupper i samfunnet.

– Det er viktig at vi no byggjer bruer, at vi bidreg til at det ikkje blir sterkare motsetningar, og at vi er veldig tydelege på ytringsfridom og demokrati. Samtidig må vi sjå at det er rom for dialog og forsoning slik at det ikkje blir skapt større motsetningar mellom folkegruppene, seier Stoltenberg.

Vil svekkje motsetningar

Stoltenberg meiner mange i USA er opptekne av å svekkje motsetningar. Men i går kom ein rapport om at det er større radikalisering blant muslimar i USA

– USA har jo ein lang og fantastisk tradisjon med å vere eit mangfaldig samfunn med ulike religionar og ulike etniske grupper, så USA er eit land som har lukkast på veldig mange måtar å skapet eit mangfaldig samfunn. Men her står dei overfor store utfordringar, det veit vi dei tar på alvor, seier Stoltenberg.

Han oppfordrar folk både her heime og i andre land til å prøve å unngå at det blir større motsetningar i ekstreme miljø.

Ground zero

Ground zero i New York.

Foto: Doug Kanter / Scanpix/AFP

AKTUELT NÅ