Hopp til innhold

– Nordmenn vert lurt til dyreplageri

– Ver skeptiske til dyreaktivitetar i utlandet, seier Dyrevernalliansen. Turistattraksjonar med tilsynelatande rolege, ville dyr kan vere kynisk utnytting av dyr i forkledning.

Tiger i Thailandsk dyrepark

Klapping av sløve tigerar er vanleg i Thailand. Men Dyrevernalliansen åtvarar mot å delta i desse aktivitetane.

Foto: Vandenn A. Krouch / Flickr

– Alt såg fint og svært påkosta ut frå utsida, men då vi kom inn til området der dei hadde dyra, var situasjonen heilt annleis, fortel Silje Amanda Sæbø.

Dyreshow i Thailand

Silje Amanda Sæbø viser fram ein nettvideo frå dyreparken ho besøkte i Thailand.

Foto: Thomas Helleland / NRK

Sæbø viser fram ein nettvideo på mobilen sin. Tre tigerar som hoppar gjennom ein brennande ring. Som går på to bein, og dansar med mannen i ringen.

Ho var på ferie i Thailand for to år sidan. Familien bestemte seg for å besøke ein dyrepark.

– Det var heilt forferdeleg. Alt var i betong, der var ingen tre, ikkje gras, og vasskålene til dyra var heilt knusktørre. Noko av det verste var vel ein tiger som vart slått med kjeppar om han ikkje poserte fint og flekka tenner i lag med turistane, fortel Sæbø.

Silje Amanda Sæbø

Silje Amanda Sæbø hadde ei ubehageleg oppleving i ein dyrepark i Thailand.

Foto: Thomas Helleland / NRK

– Kynisk dyreplageri i forkledning

Ho er ikkje åleine om å besøke liknande turistattraksjonar i utlandet. Attraksjonar som delfinshow, elefantriding, tyrefekting og okseløp i Pamplona er populære blant turistar frå heile verda.

Kaja Ringnes Efskind er informasjonsansvarleg i Dyrevernalliansen. Ho åtvarar turistar mot å delta i slike arrangement. Ho meiner det dreier seg om kynisk utnytting av dyr.

– Ikkje stol blindt på dei som sel desse tenestene. Alle situasjonar der ville dyr er tekne ut frå sitt naturlege element blir utnytta. Ofte ligg det mykje smerte bak, som ein ikkje kan sjå med det blotte auget, fortel Efskind.

THAILAND INDONESIA WILDLIFE TRADE

To orangutangar i ein kickboksingkamp i eindyrepark i Thailand. Dyrealliansen meiner at det ligg mykje smerter bak situasjonar med dyr utanfor sitt rette element.

Foto: Ap

Stadig fleire turistar melder frå

Reiseselskapet Ving er ein av operatørane i Noreg som tilbyr utflukter og aktivitetar til turistane. Dei har sagt opp avtalar med arrangørar der besøkande har reagert på dyrevelferden.

– I fjor sa vi opp avtalen med arrangøren av eit delfinshow i Tyrkia. Vi hadde mistanke om at delfinane ikkje vart behandla på ein tilfredsstillande måte, fortel Elisabeth Larsen-Vonstett, PR-ansvarleg i Ving.

Dei er opptekne av at dyra i aktivitetane dei tilbyr skal behandlast på ein ordentleg måte.

Elisabeth Larsen-Vonstett

Reiseselskapet Ving fortel at deira fokus på dyrevelferd har blitt sterkare dei siste åra.

Foto: Andrea Bae Nesset / NRK

Hennar inntrykk er at nordmenn generelt er blitt meir opptekne av dyrevelferd dei siste åra. Ho har sjølv kjent på eit ubehag etter eit besøk i ein park i Thailand.

– Vi såg ein apekatt som sykla rundt. I augeblinken kunne det sett morosamt og hyggeleg ut, men eg sat med ein vond klump i magen når det gjekk opp for meg at dette dyret nok sat i eit bur, vart dopa ned og tatt bort frå foreldra sine, fortel Larsen-Vonstett.

THAILAND-ENVIRONMENT-TIGER

Tiger i fangenskap i Thailand

Foto: NICOLAS ASFOURI / Afp

AKTUELT NÅ