NRK Meny
Normal

Dansk ekspert ber Sanner bruke meir tvang mot kommunane

Då Danmark krympa frå 270 til 98 kommunar, var regjeringa tydeleg i krava. Den danske forskaren Kurt Houlberg trur Jan Tore Sanners norske kommunereformen er for forsiktig.

Jan Tore Sanner og Signy Irene Vabo

REFORMEN: Kommunalminister Jan Tore Sanner og utvalgsleder Signy Irene Vabo presenterer kommunereformen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Førre veke la den norske regjeringa fram sitt forslag til kommunereform.

Dei ønskjer at kommunane skal innleie samtalar om samanslåingar, og vil ha vedtak allereie frå neste år.

Men kommunalminister Jan Tore Sanner har valt å ikkje peike på ein ideell storleik, og stiller ikkje krav om kor mange kommunar som skal slå seg saman.

Les: Sanner vil tvinge kommunene sammen
Les: Slik skal kommunene lokkes til sammenslåing

Færre samanslåingar

Kurt Houlberg

STERKT ELEMENT AV TVANG: Den danske kommuneforskeren Kurt Houlberg trur ikkej man får gjort mye med den norske kommunestrukturen uten ein viss grad av tvang.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Kurt Houlberg trur opplegget frå den norske regjeringa vil gje langt mindre effekt på kommunekartet enn den danske reformen i 2007 gav.

Danmark gjekk frå 270 til 98 kommunar. Det vart stilt tydelege krav frå regjeringa og Folketinget som mellom anna peika på ein ideal-storleik for nye kommunar.

– Viss ein ønskjer ein omfattande reform som liknar på den vi fekk til i Danmark, trur eg det er nødvendig å stille presise krav med eit sterkt element av styring og tvang, seier Houlberg til NRK.

Houlberg er programsjef hos KORA, Det Nationale Institut for Kommuners og Regioners Analyse og Forskning.

Han har halde mange foredrag for norske beslutningstakarar og politikarar. Den danske reformen er eit viktig erfaringsgrunnlag for det som no skal skje i Noreg.

Les: – Regjeringen vil «snikinnføre» grense på 10.000 innbyggere

Betre økonomi, mindre demokrati

Erfaringane frå Danmark blir brukt både som solskinnshistorie og som skremmebilde – alt etter kvar ein står i den norske debatten. Houlberg meiner den danske reformen er ei suksesshistorie med ei skuggeside.

Kommunalminister Jan Tore Sanner

KLAR BESKJED: Kommunalminister Jan Tore Sanner får klar beskjed frå danskene om korleis hans prestisjeprosjekt kommunereformen kan bli ein suksess.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Den overordna vurderinga frå sentralt hald er at reformen er ein stor suksess. Dei samanslåtte kommunane er blitt meir økonomisk levedyktige, dei administrative kostnadane går ned og meir av ressursane blir brukt på kommunale tenester, seier han.

Houlberg utdjupar at dette ikkje betyr at det er blitt ein billegare kommunesektor. Det betyr heller at pengane i kommunane blir brukt på ein annan måte. I tillegg har kommunane blitt fagleg sterkare på fleire tenesteområde.

Samtidig er det ingen tvil om at det har vore ein demokratisk kostnad ved reformen.

– Borgarane opplever at dei har mindre tillit til politikarane, dei stoler i mindre grad på at dei riktige vedtaka blir fatta og dei har mindre tru på eigen evne til å påverke kommunepolitikken. Det er blitt færre og meir profesjonelle politikarar som i mindre grad enn før jobbar med enkeltsaker. Samtidig opplever kommunepolitikarane at meir av makta er flytta til den kommunale administrasjonen, forklarer Houlberg.

Det same vil skje her

Houlberg er sikker på at ein reform vil gje dei same effektane i Noreg.

– Eg vil forvente at det kjem positive gevinstar på det økonomiske og faglege området, og nokre negative demokratiske konsekvensar også i Noreg, seier han.

Men dersom norske politikarar vil få mest mogleg ut av ein reform, trur han dei burde lagt opp til eit anna løp.

– Eg trur det var avgjerande for den danske suksessen at alt skjedde under tvang. I Noreg ser det ut til å bli ein langt meir frivilleg prosess enn i Danmark, seier han.

Det trur han gjer at det norske samfunnet kan miste nokre positive effektar.

– Viss vi trur på at det er nokre positive effektar av kommunesamanslåingar, så er vurderinga mi at det blir færre samanslåingar av denne prosessen enn det kunne blitt dersom ein hadde styrt det hardare frå sentralt hald, seier Houlberg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger