NRK Meny
Normal

– Nav-snokar burde ha mist jobben

– Den Nav-tilsette som ulovleg har snoka i hemmelege personopplysningar burde ha mist jobben sin, ikkje minst for å statuere eit eksempel, seier sosialpolitisk talsmann i Frp, Erlend Wiborg.

Erlend Wiborg er sosialpolitisk talsmann i Fremskrittspartiet

Erlend Wiborg meiner at snokinga er eit så graverande tillitsbrot at den Nav-tilsette burde mist jobben.

Foto: Eva Marie Bulai / NRK

Han er sjokkert over avsløringane om at Nav-tilsette har sjekka personopplysningar i datasystemet til Nav berre for å snoke, og ikkje minst over saka der ein kvinneleg tilsett i Nav sjekka sensitive opplysningar om den tidlegare ektefellen til sambuaren sin.

– Dette er ikkje akseptabelt. No er vi avhengig av eit system for varsling, og kanskje er vegen å gå eit system likt det vi har for kredittopplysningar. Då får den det gjeld alltid beskjed om nokon har vore inne og sjekka, seier Wiborg.

Gå vidare med saka

Saka er at ein kvinneleg Nav-tilsett i over eitt år har snoka i Nav-databasen etter opplysningar om ei kvinne sambuaren hennar var i konflikt med. Det er snakk om den tidlegare ektefellen til sambuaren.

Erlend Wiborg seier at han vil ta denne saka opp med arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) for å høyre kva dei har tenkt å gjere vidare med denne saka.

– Den informasjonen folk gir til Nav er svært sensitiv. Det er snakk om informasjon om helse, om økonomi, om born, barnefordeling og så vidare. Folk må kunne stole 100 prosent på at opplysningane dei gir til Nav ikkje kjem på avvegar, held Wiborg fram.

– Ei alvorleg sak

Nav-direktøren har denne kommentaren til utspelet til Erlend Wiborg:

– Dette er ei alvorleg sak. Vi har gjort ei heilskapleg og grundig vurdering av forholdet, og vi har sett i verk tiltak vi meiner er naudsynte for å hindre at det skal skje igjen. Vedkomande tilsette kan ikkje søkje opp informasjon som har med den fornærma å gjere. Ut over det har vi ikkje ytterlegare kommentarar til saka.

Ikkje meldt til politiet

På spørsmål om dei har vurdert å melde kvinna til politiet, seier Nav-direktøren at dei har konkludert med at reaksjonane mot kvinna er strenge nok, og at dei ikkje vil sende saka vidare til politiet.

NRK har tidlegare meldt at det dei siste åra har vore fleire saker der tilsette i Nav har leitt etter personopplysningar om slektningar, naboar og kjendisar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger