Hopp til innhold

– Midlertidige tilsetjingar er ein uting

Gerd Kristiansen har ikkje gått stille i LO-dørene, og har ikkje tenkt å gå stille ut av dei heller. Hennar siste LO-kongress som leiar vart opna med ein tordentale mot regjeringa.

Gerd Kristiansen

GÅR AV: Gerd Kristiansen går torsdag av som LO-leiar, etter fire år i toppjobben.

Foto: Skolt, Henrik / NTB scanpix

Til ståande applaus sette ho kursen mot talarstolen, og vende blikket mot 315 fagforeiningsfeller på Folkets Hus i Oslo.

Gerd Kristiansen snakka i hovudsak om to ting; å få dei blå ut. Og å få Arbeidarpartiet inn.

Gull til dei rike, gråstein til arbeidsfolk

På hennar vakt har oljeprisen stupt og arbeidsløysa stige. Men LO-leiaren meiner regjeringa må ta skulda for at fleire er utan jobb.

– Folkens, eg kan nesten ikkje vente til 12. september når landet har fått eit nytt fleirtal. Dei store pengane i Noreg i dag vert brukt på å gje gull til dei som allereie har gull, og gråstein til vanlege arbeidsfolk, seier Kristiansen.

– Vi kan skape titusenvis av arbeidsplassar om vi prioriterer tiltak og aktivitet framfor å stue vekk pengar hjå Stein Erik Hagen. Dette veit regjeringa. Det er politikken deira. Det er det motsette av kva landet vårt treng.

Regelen i norsk arbeidsliv skal vere faste tilsetjingar.

Gerd Kristiansen, LO-leiar

Uting og snikksnakk

Regjeringa har mjuka opp arbeidsmiljølova og opna for meir bruk av mellombelse tilsetjingar.

Målet er å få fleire ut i arbeidslivet. Men Ap-leiar Jonas Gahr Støre går til val på å reversere oppmjukinga.

Lat oss slå det fast ein gong for alle. Midlertidige tilsetjingar er ein uting. Regelen i norsk arbeidsliv skal vere faste tilsetjingar. Vi i LO står for ein tydeleg alternativ politikk. Enkle men effektive løysingar. Ikkje så mykje snikksnakk, slo Kristiansen fast.

LES OGSÅ: Støre lover raske lovendringer mot «uverdig arbeid»

– Midlertidige tilsetjingar er eit godt verkemiddel

Stefan Magnus B. Heggelund

Stefan Heggelund er medlem av arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget (H).

Stefan Heggelund (H) understrekar at hovudregelen framleis er faste tilsetjingar i arbeidslivet. Men han får tilbakemeldingar særskilt frå unge arbeidstakarar om at eit vikariat kan vere eit godt verkemiddel.

– Eg synes ikkje det er ein uting å senke terskelen i arbeidslivet. For nokon står valet mellom å ha ein midlertidig jobb og å ikkje ha jobb i det heile teke. Endringane i arbeidsmiljølova sørger for å få fleire inn i arbeidslivet, seier Heggelund.

Siterte Severin Suveren

Torsdag takkar Kristiansen for seg etter fire år i LO-førarsetet.

Hans Christian Gabrielsen tek over eit LO med vel 910 000 medlemmar. Kristiansen avslutta talen i dag med å sitere fjellvettreglane.

– Kjære regjering. De har pengar, så bruk dei rett. Revidert nasjonalbudsjett kjem om få dagar. Hugs Severin Suveren; det er ingen skam å snu. Eller, som eg tenkjer av og til; de kan grave dykk ned i tide, sa Kristiansen.

AKTUELT NÅ