Hopp til innhold

– Menneskerettar bør stå øvst på dagsorden i møte med kinesisk partitopp

– Det er ein skandale at stortingspresidenten ikkje høgt og tydeleg vil seie at ho vil ta opp menneskerettar under møtet med den kinesiske partitoppen Li Zhanshu komande veke, seier samfunnssjef Tale Hungnes i Amnesty.

Zin Shanshu

Li Shanshu er leiar for Folkekongressen i Kina. 15. mai kjem han til Noreg.

Foto: NRK

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) skal frå 15. -18. mai vere vertskap for leiaren for Folkekongressen i Kina, Li Zhanshu, rekna som den fjerde mektigaste personen i landet.

Ho vil overfor NRK ikkje seie noko om menneskerettar står på dagsorden under besøket. Det vil ho først fortelje etter møtet.

– Det er vanskeleg for meg å på førehand kommentere kva vi kjem til å snakke om. Dei samtalane skal eg gjennomføre, og så får vi eventuelt snakke om det når eg har gjennomført møta, seier ho til NRK.

Samfunnssjef Tale Hungnes i Amnesty.

Samfunnssjef Tale Hungnes reagerer sterkt på at stortingspresidenten ikkje vil seie noko om menneskerettar står på dagsorden når ho skal møte Zin Shanshu.

Foto: NRK

Tale Hungnes meiner menneskerettar er det viktigaste norske politikarar kan snakke med ein kinesisk partitopp om.

– Må snakke om menneskerettar

– Vi i Amnesty har ei klar forventing om at både stortingspresidenten og andre norske politikarar brukar denne sjansen til å snakke om menneskerettar både i Kina og i andre deler av verda, der Kina har stor innverknad på politikken. Det gjeld mange land i Asia og Afrika, seier ho til NRK.

Tale Hungnes meiner Kina i stor grad gjer det dei kan for å undergrave arbeidet for menneskerettar i internasjonale forum. Ho gjer det klart at Amnesty vil demonstrere når Li Zhanshu kjem til Oslo.

– Norske politikarar har eit ansvar. Dei må spørje Li Zhanshu kva han vil gjere for menneskerettsforkjemparane i heimlandet. Til dømes lever over ein million uigurar i fengsel under forferdelege forhold. Dei bør spørje om når alle dei fengsla menneskerettsforkjemparane skal setjast fri, og om korleis han vil sikre ytringsfridomen i landet, ytrar ho.

Stortingspresident Tone Wilhelmsen (H).

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H) skal vere vertskap for Zin Shanshu komande veke.

Foto: NRK

Dalai Lama i kinosalen

Då Dalai Lama vitja Noreg for fem år sidan meinte fleire i presidentskapen at han ikkje skulle få bruke hovudinngangen på Stortinget. Han måtte nøye seg med kinosalen då han skulle tale til dei norske stortingsrepresentantane. Komande veke blir ein av toppane i det kinesiske kommunistpartiet teken imot på raud løpar.

Bilde av Audun Lysbakken, tatt på Landsstyremøtet i 2018. SV-logoen er i bakgrunnen.

SV-leiar Audun Lysbakken.

Foto: Terje Pedersen / NPK

SV-leiar og stortingsrepresentant Audun Lysbakken er ein av dei som synest at dette er litt rart.

– Vi hadde stått sterkare i dag om vi hadde vore prinsippfaste og ikkje hadde hatt den flaue debatten den gongen, seier han til NRK.

Det offisielle besøket komande veke blir første gong ein høgtståande, kinesisk delegasjon vitjar Stortinget sidan 2004.

Li Zhanshu er formann i Folkekongressens ståande komite og viseutanriksminister med ansvar for Europa.

– Positiv utvikling av forholdet

– Besøket stadfestar den positive utviklinga i forholdet mellom dei to landa våre, og at det i dag er ein god dialog mellom Stortinget og Folkekongressen. Noreg har mykje å vinne på eit nært, breitt og langsiktig samarbeid og kontakt med Kina, seier stortingspresident Tone Wilhelmsen til NTB.

Li Zhanshu og delegasjonen hans skal besøke også Stavanger, der dei skal vere 17. mai. Elles skal dei også møte statsminister Erna Solberg, samt ha audiens hos kong Harald. I tillegg ventar ein konferanse om økonomi og handel i samband med at det har vore diplomatisk samband mellom Noreg og Kina i 65 år.

Delegasjonen skal også vitje Skiforbundet, Idrettsforbundet og Noregs Olympiske Komite.

AKTUELT NÅ