Hopp til innhold

– Me er ein kommune i kneståande som har ein lang veg opp

Barnehage, sjukeheim, rådhus, legesenter, barneskule, vass- og avløpssystem, eit bustadfelt og ei av hovudfartsårene inn til Gjerdrum er sett ut av spel.

Ordførar Anders Østensen er sterkt prega av krisa Gjerdrum kommune står oppi. Han snakka med NRK før den tredje omkomne vart funnen.

Skredtragedien er ikkje ei kortvarig krise. Det er ein sorgtung ordførar som i dag har fått beskjed om at det er funne nok ein omkommen person i skredområdet. Tre er døde, og sju er sakna etter det store kvikkleireraset som også har teke med seg store deler av kommunesenteret Ask.

– Me har ei formidabel oppgåve framfor oss. Sentrumet vårt og veldig mange av dei kommunale funksjonane er slått ut. Nokre av dei kan kanskje gjenopprettast innan kort tid, men det er mykje arbeid framfor oss, seier Anders Østensen, som er ordførar i Gjerdrum og representerer Arbeidarpartiet.

Gjennom fleire døgn har han stått midt oppi den største krisa Gjerdrum har opplevd. Ordføraren er prega av at det dei to siste døgna har kome beskjed om at liv har gått tapt i det store skredet.

Kartutsnitt

Store deler av Ask er ramma av kvikkleireskredet. Den raudaste delen av kartet er skredområdet, mens det lyseraude området er det evakuerte området.

Grafikk: Ole-Morten Ødegaard / NRK

Mange kommunale funksjonar ute av drift

Samtidig veit han at skredtragedien i Gjerdrum vil prege kommunen lenge etter at leitearbeidet er avslutta.

– Sjukeheimen vår er ute av funksjon, me har ein barnehage som er ute av funksjon, me har eit avstengt rådhus og ein stengd barneskule. Me har ikkje vegforbindelse sørover, vatn og avløp fungerer ikkje som normalt. Det er veldig mykje arbeid som ventar på oss.

Jordskred i Gjerdrum

Raset kom veldig nært på fleire kommunale bygg, slik som barnehage, eldresenter og rådhus.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Førebels er det mykje som er uklart for ordføraren. Sjukeheimen, legesenteret, barneskulen og rådhuset er stengd av no, men det går kanskje an å bruke dette i framtida. Men når det eventuelt skulle vere klart, det veit han ingenting om no.

Barnehagen er berre 70–80 meter frå raskanten. Ordføraren seier at det skal fagetatar inn for å sjekke bygget når tida er inne for det, men at kommunen er førebudde på at den ti år gamle barnehagen ikkje kan brukast i framtida.

Drikkevannforsyning i Gjerdrum

Vass- og avløpssystemet fungerer ikkje som vanleg, og i dag kom det nye forsyningar av drikkevatn til Ask i Gjerdrum.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Terreng må endrast etter raset

Når det gjeld bustadfeltet som vart ramma av ras, så vil ikkje ordføraren spekulere for mykje i kva som må gjerast.

– Men det er heva over tvil at mange bustader har gått tapt i raset, og at det er mange bustader som står nær raskanten. Og oppryddinga etter raset fører til at ein må endre terrenget i området, så då vil det gå med hus i det arbeidet også, seier ordføraren.

Jordras Gjerdrum

Det enorme skredet kjem til å forfølge Gjerdrum i lang tid framover.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Han understrekar at ein må vente på rapportar frå NVE før ein får eit endeleg svar på dei mange spørsmåla.

Førebels er det redningsarbeidet som er øvste prioritet. Naudetatane seier at dei framleis leitar etter overlevande i skredområdet, og ordføraren klamrer seg til håpet om at det skal kome gode nyheiter snart.

– No er det funne to personar, og det er ein bodskap me tek mot med stor sorg. Me håper innstendig at det skal finst nokre overlevande, det håper svinn, men me klamrar oss til det håpet som naudetatane seier at dei framleis har, seier Østensen.

Regjeringa lover hjelp

– At Gjerdrum skal få hjelp er det ingen tvil om, seier kommunal- og moderniseringsminister, Nikolai Astrup.

Det er for tidleg å seie kor stor den økonomiske hjelpa blir, også fordi det er vanskeleg å vite kor store dei økonomiske behova til Gjerdrum blir. Astrup seier han har stor forståing for den ekstraordinære og krevjande situasjonen kommunen står midt oppi.

– Statsforvaltaren har tett dialog med kommunen, for her er det viktig at dei på kort sikt kan få bistand til å utføre oppgåver. Det er ein liten kommune som har få ressursar også når det personell, så det er viktig med praktisk bistand på kort sikt, og på lang sikt er det også viktig med økonomisk støtte, seier Astrup.

Han viser til at statsforvaltar (tidlegare omtalt som fylkesmann), Valgerd Svarstad Haugland, er i dialog med Gjerdrum kommune og vil følge opp kontakten framover.

Over 110.000 nordmenn bor i det som kalles «kvikkleiresoner». Det er ikke farlig i seg selv om leira får ligge i ro.

VIDEO: Over 110.000 nordmenn bor i det som kalles «kvikkleiresoner». Det er ikke farlig i seg selv, om leira får ligge i ro.

AKTUELT NÅ