Finske Lemminkäinen skal kjøpa asfalt-, pukk- og steinavdelinga til konkurrenten, statseigde Mesta.
Nyheita slo ned som ei bombe i vegmiljøet få dagar før jul, ifølgje fagbladet Våre Veger.
Med salet av Mesta mister staten sin einaste moglegheit til å bidra med konkurranse.
– Skor seg på juks
Etter NRK sine avsløringar om ulovleg prissamarbeid er asfaltbransjen i hardt vêr.
- LES OGSÅ: Veidekke innrømmer ulovlig prissamarbeid
SV-politikar Hallgeir Langeland går no imot salet – ei avgjersle som er teken av regjeringa han sjølv er ein del av. Langeland vil at staten skal ta tilbake kontrollen over Mesta:
– Me kan ikkje ha det slik at private selskap samarbeider, driv med juks og tener pengar som ikkje går til det skattebetalarane ønskjer. Det er enklare å kontrollera dette dersom selskapet er offentleg drifta, slik det var før.
– Me i regjeringa bør difor vurdera å ta tilbake noko av asfalteringa og vegvedlikehaldet til stat og kommune, meiner Langeland.
Forsvarer Mesta-sal
Kritikarane hevdar at Lemminkäinen med dette får dobla sin marknadsandel for ein billig penge, og at det vart færre konkurrentar i bransjen.
Men konsernsjefen i Mesta, Harald Rafdal forsvarar oppkjøpet:
«Det har vore krevjande å oppnå lønnsemd fordi asfaltbransjen lenge har vore prega av overkapasitet, tøff konkurranse og låge marginar. Det er difor eit stort behov for konsolidering i bransjen. Lemminkäinen sitt kjøp av Mesta Industri er eit viktig element i den prosessen», opplyser Rafdal i ei pressemelding.
Trass i at dei tilsette var imot, blei Mesta-salet likevel fullført før jul. Avtalen er underteikna av partane, men Konkurransetilsynet har enno ikkje godkjend Lemminkâinen sitt asfaltkjøp.
– Dårleg argument
Økonomiprofessor ved Norges Handelshøyskole (NHH), Lars Sørgard, er overraska over at Mesta-leiinga snakkar om konsolidering.
– Eg er overraska over at dei køyrer det argumentet. Dersom konsolidering tyder at dei sel til det som elles ville ha vore ein konkurrent, er det ikkkje eit argument som konkurransetilsynet bør kjøpa – tvert i mot. Det er eit argument for å stoppa den fusjonen.
Kvifor det?
– Dersom ein konkurrerande aktør overtek, vil det føra til mindre konkurranse. Det vil kunne vera i strid med konkurranselova, seier Sørgard
- LES OGSÅ: Alt om prissamarbeid i asfaltbransjen
Vil vurdera statleg eigarskap
Det er opp til Mesta å styra og bestemma kva dei skal selja, meiner statssekretær Rikke Lind i Næringsdepartementet. Ho set sin lit til konkurransetilsynet, som ho meiner syter for at det framleis blir sunn konkurranse i vegsektoren.
– Det er ikkje bra at det vert avdekt prissamarbeid. Det må me slå hardt ned på, noko konkurransetilsynet også gjer.
Lind påpeiker også at Næringsdepartementet har alle selskap inne til vurdering i samband med utforminga av den nye stortingsmeldinga om staten sitt eigarskap.
– Forslaget til Langeland om gå tilbake til statleg drifting av asfalt og veg, vil me vurdera i prosessen med denne nye eigarskapsmeldinga.