Hopp til innhold

– Må møte på jobb i Oslo

Skular og barnehagar i Oslo opnar som normalt i dag. Men det er framleis fare for at også hovudstaden blir råka av kommunestreiken.

Meklingsmann Geir Engebretsen seier det ikkje blir streik i Oslo fredag.

Meklingsmann Geir Engebretsen seier det ikkje blir streik i Oslo fredag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Det blir ikkje streik i dag. Folk skal møte på skular og barnehagar, seier meklingmann Geir Engebretsen til TV2 Nyhetskanalen.

Meklinga, som skjer på Hotel Royal Christiania, er over eitt døgn på overtid.

Positiv utvikling

- Vi har mekla i heile natt. Meklinga er vanskeleg og krevjande, men det er positiv utvikling, seier Engebregtsen.

Om det blir streik i Oslo, som er eit eige forhandlingsområde, blir 2.500 kommunalt tilsette tekne ut i streik i tillegg til dei rundt 18.000 som allereie er tekne ut.

Håpar på løysing

Det er organiserte i Fagforbundet, YS, Unio og Akademikerne i Oslo som prøver å bli samde med Oslo kommune. Engebretsen håpar å kome til ei avslutning i føremiddag.

– No meklar vi til vi er ferdige, anten i form av ei løysing eller så blir det brot i meklinga, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger