NRK Meny
Normal

Stoltenberg meiner Noreg må lære av Skypes fødeland

– Vi kan lære at små land kan gå føre, seier statsminister Jens Stoltenberg om teknologieventyret Estland.

Video Stoltenberg Skyper

Her bruker statsministeren Skype frå sitt mye omtalte nettbrett. Stoltenberg meiner Norge har mykje å lære av veslebror i øst når det kjem til teknologiutvikling.

Med berre 1.3 millionar innbyggjarar har Estland kapra posisjonen som Baltikums svar på Silicon Valley. Estland var det første landet som gjennomførte val med elektronisk stemmegjeving, satsar tungt på teknologi for såkalla cyberkrig og er heimlandet til Skype.

Statsminister Jens Stoltenberg besøkte onsdag landet. Han meiner Noreg har mykje å lære av det vesle landet i aust.

Åtte milliardar dollar

– Ein må ikkje vere eit stort amerikansk selskap for å vere leiande innanfor informasjonsteknologi. Når Estland kan vere verdsleiande, så kan også Noreg vere det, meiner statsministeren.

IP-telefontenesta Skype vart utvikla av Esterane Ahti Heinla, Priit Kasesalu og Jaan Tallinn. Tidlegare i år vart selskapet seld til Microsoft for åtte milliardar dollar, men framleis ligg hovudkontoret i Tallinn.

– Eg tenkjer at det er imponerande at eit ganske lite land, som kanskje det er lett å undervurdere, er verdsleiande på denne type informasjonsteknologi og har utvikla Skype som er eit avansert teknologisk verktøy, seier Stoltenberg.

– Fantastisk å sjå borna sine

Statsministeren er ein av over 400 millionar menneske verda over som bruker Skype til å kommunisere med sine kjære.

– Eg gjorde det for ein del år sidan ganske mykje, for då hadde eg ein son som budde i Japan og då skypa vi med han søndag ettermiddag. Det var liksom fast. Så har eg ikkje brukt det så mykje, men no har eg tenkt å bruke det igjen for no har eg ei dotter som bur i utlandet, fortel han.

– Det er fantastisk å få opp bilete og tale og sjå borna sine på dataskjermen, seier Jens Stoltenberg.

– Land som går føre

Estland husar også NATO sitt eige senter for krigføring og forsvar i Cyberspace. På senteret «NATO Cooperative Cyber Defence Centre of Excellence» blir det forska på nettkrigføring.

I tillegg brukar både regjeringa og offentlege styremakter teknologi i større utstrekning enn det Noreg gjer.

– Det er det første landet i verda som har gjennomført val med elektronisk stemmegjeving og det er eit uttrykk for at det er land som går føre, seier Stoltenberg.

– Og regjeringskonferansar utan papir?

– Ja, det imponerte meg! Det såg eg inne i regjeringskonferanserommet deira at der har dei kvar sin pc. I Noreg er det sånn at folk vil gjerne ha pc, men dei har papir i tillegg, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger