Hopp til innhold

– Må ha reservesystem

– Vi kjem aldri til å få eit system som ikkje kan falle ut, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB. Etter uvêret Ivar fall naudtelefonane ut i fleiere timar.

Brann i kraftmast

Det norske telenettet er utsett blant anna ved straumbrot.

Foto: http://arnoya-ari.blogspot.no/

– Det er for mange små og sårbare einingar i naudtelefonsystemet. Det er viktig å jobbe for eit meir robust system, seier Pedersen i DSB.

DSB, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, har eit overordna ansvar for norsk beredskap.

Anne Rygh Pedersen, DSB

Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB ynskjer seg færre og tørre einingar i naudtelefonsystemet.

Foto: Anita Andersen / DSB

I samband med uveret Ivar, som ramma Møre og Romsdal og trøndelagsfylka i går, fall naudtelefonane ut i fleire kommunar. Dette har også skjedd fleire gonger tidlegare, blant anna under uveret Dagmar i jula i fjor.

LES OGSÅ: Nødnumrene nede i flere kommuner i Sør-Trøndelag

Større einingar

Anne Rygh Pedersen trur ikkje vi nokon gong kjem til å få eit system som ikkje kan falle ut, men at hennar direktorat arbeider innanfor sitt ansvarsområde for å prøve å gjere systemet så sikkert som mogleg. Det å samle sentralane i større einingar er ein del av dette.

Ho er også oppteken av at det skal vere reservesystem tilgjengeleg. Dersom ein naudsentral er ute av drift, skal ein automatisk bli sett over til den nærmaste sentralen som er tilgjengeleg. Dette er det dei på fagspråket kallar redudans. Dette er noko det blir jobba kontinuerleg med for å få til, fortel ho.

Avdelingsdirektøren opplyser at naudtelefonane er ein del av det vanlege fasttelefonnettet. Det kan vere sårbart blant anna ved straumbrot. Derfor er Anne Rygh Pedersen oppteken av at det heile tida må vere tilgjengelege reservesystem.

LES OGSÅ: – Det var bare flaks at ikke huset gikk

LES OGSÅ: – Jeg har aldri opplevd makan

Aldri 100 prosent

– Vi bur ei eit vêrhardt land, vi kan ikkje sikre oss 100 prosent mot slike ting. Det handlar om å byggje gode reserveløysingar, at det er eit kontaktalternativ utanfor det vanlege nettet. Det er viktig å ha fleire kanalar, seier ho.

Det nye naudnettet, altså eit internt nett for naudetatane og andre etatar knytte til beredskap, skal etter planen vere ferdigstilt 31.12 2015. Det vil også vere med på å betre den norske beredskapen.

Telenor opplyser at dei har prioritert å reparere den samfunnskritiske infrastrukturen etter stormen. Særleg Hitra og Frøya har vore hardt ramma, men i føremiddag opplyste Telenor at mobilnettet var på veg tilbake, men at det framleis var ein del problem med fastnettet.

LES OGSÅ: Her herjet «Ivar» fra seg

LES OGSÅ: «Ivar» felte trær i fredet allé i Rissa

AKTUELT NÅ