Hopp til innhold

– Må få velge utdanning fritt

Næringslivet ropar etter fleire ingeniørar, men regjeringa vil ikkje tvinge unge til å velge «rett» utdanning.

Studenter tar eksamen

Kvart år får Noreg rundt 2800 nye sivilingeniørar og 1000 nye ingeniørar. Så godt som alle får jobb, og næringslivet vil ha enda fleire.

Foto: Johan Røed/CC-BY-SA-NC

Johan H. Andresen

– Å utdanne kompetente folk er regjeringa sitt ansvar, meiner Ferd-eigar Johan H. Andresen.

Foto: WALTER BIERI / AP
Trond Giske

Næringsminister Trond Giske meiner det er skummelt å legge for harde føringar på unge sine yrkesval. – Vi veit ikkje kva Noreg treng om 20 år, så vi kan komme til å lede studentane i feil retning, seier Giske.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Onsdag i førre veke var toppolitikarar og næringslivstoppar samla på den årvisse NHO-konferansen. Temaet var energi, men enkelte nytta óg høvet til å sette søkjelyset på ingeniørmangelen som pregar delar av norsk næringsliv.

– Nokon må jo byggje desse kraftlinene, og vi treng ingeniørar til å byggje vegar og oljeplattformar. I dag stel vi flinke fagfolk frå kvarandre heile tida, noko som er med på å presse opp løningane. Å utdanne kompetente folk er regjeringa sitt ansvar, sa Johan H. Andresen, til NRK.no på NHO-konferansen.

Manglar 8000 ingeniørar

Andresen er konserndirektør i Ferd, som blant anna eig Aibel, eit offshoreselskap som kjenner på ingeniørmangelen kvar dag.

I dag var norske samfunnstoppar på nytt samla. Denne gongen var det regjeringa som inviterte, og temaet var nettopp høgare utdanning og forskning i næringslivet.

I juni 2012 anslo NAV at Noreg manglar 8000 ingeniørar. Likevel er det eit avgrensa antal plassar på ingeniørutdanningane, medan tusenvis av studentar går på frie fag innan humaniora og samfunnsvitenskap.

Vil ikkje styre studentane

Næringsminister Trond Giske viser til at langt fleire søkjer på ingeniørutdanningar no enn for eit par år sidan, sjølv utan sterke føringar frå staten.

– Høgare utdanning i Noreg er i stor grad basert på frie val. Regjeringa må bidra med å gje studentane ei best mogleg analyse av korleis samfunnet vil sjå ut om 15-20 år, slik at dei kan velge rett, seier næringsminister Trond Giske.

– Bør ikkje styresmaktene ta grep om ungdom sine yrkesval på andre måtar enn å gje dei analyser?

– Jo, vi må auke kapasiteten på ingeniør- og helseutdanningar. Men vi veit ikkje nøyaktig kva Noreg treng om 20 år, så vi kan ikkje styre studentane meir enn vi har grunnlag for. Da kan vi komme til å lede dei i feil retning. Da er det betre at studentane får velge noko dei verkeleg brenn for, meiner Giske.

Statsminister Jens Stoltenberg fv, Kristin Halvorsen og Trond Giske under Kontaktkonferansen.

Statsminister Jens Stoltenberg fv, Kristin Halvorsen og Trond Giske under Kontaktkonferansen på Grand hotel i Oslo tirsdag.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Deltek i VM kvar dag

Svein Richard Brandtzæg

– Det er ingen tvil om at Hydro treng unge som satsar på naturfag og økonomi, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg.

Foto: Hydro ASA / SCANPIX
Øyvind Berdal

NSO-leiar Øyvind Berdal meiner det er vel så viktig å hindre at ingeniørstudentane sluttar på studiet.

Foto: Elizabeth Schei / NSO

Også i Hydro Aluminium ønskjer leiinga seg fleire realistar:

– Det er ingen tvil om at Hydro treng unge som satsar på naturfag og økonomi. Vi deltek i VM kvar dag, og konkurransen er sterk der ute, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg i Hydro.

Han legg til at Hydro ikkje har problem med rekrutteringa, til tross for sterk konkurranse frå oljenæringa.

– Våre ingeniørar ser at dei er attraktive for oljeindustrien. Vi har mista nokre, men vi nyt godt av eit solid omdøme og har god tilgang på kloke hovud. Men det er viktig å halde oppe det gode nivået, seier Brandtzæg.

41 prosent fråfall

Studentane sjølv, representert av Norsk Studentorganisasjon (NSO), er imidlertid einige med Trond Giske i at folk bør få studere det dei vil. NSO-leiar Øyvind Berdal meiner det er vel så viktig å ta vare på studentane som allereie har valgt ingeniørstudiet.

– Ein bør få studere det ein ønskjer. Den retten er viktig å forsvare. Det er viktigare at universiteta og høgskulane arbeider for å hindre fråfall. 41 prosent av studentane fell frå i løpet av ti år. Hadde vi klart å halde på dei, kunne vi fått bukt med ingeniørmangelen og lærarmangelen, meiner Berdal.

Han meiner óg at det er viktig at ikkje alle utdanningsstadene tilbyr dei same studia, men fokuserer på det dei er sterke på.

Video Ingeniørmangel

Norge manglar 7000 ingeniørar.

AKTUELT NÅ