Hopp til innhold

– Lovene våre er bra nok – vi treng ikkje ei ny samtykkelov

– Vi er heilt klare på at vi skal slå hardt ned på valdtekt og uønskt seksuell framferd. Men vi treng ikkje ei ny lov. Lovverket vi har i dag er godt nok, seier justisminister Per Willy Amundsen (Frp).

Per Willy Amundsen

Justisminister Per Willy Amundsen (Frp) meiner lovverket vi har mot valdtekt er bra nok, og at vi ikkje treng ei ny lov.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Amundsen seier til NRK at dersom regjeringa hadde oppdaga eit hol i lovgjevinga, så hadde dei gjort noko med det.

– Vårt syn er i samsvar med det Riksadvokaten meiner. Vi vil ikkje få fleire saker for retten om vi innfører ei samtykkelov etter svensk mønster. Vi manglar ikkje rettsgrunnlag. Lovene våre er gode, det som er viktig er at vi følgjer opp dei lovene vi har, seier justisministeren.

Handlingsplan mot valdtekt

Han minner om at regjeringa er godt i gang med ein handlingsplan mot valdtekt, og at denne er venta å vere klar i løpet av 2018.

– Det er viktig å følgje opp valdtektssaker, men det er ikkje behov for lovendring. Det viktigaste er at vi får dommar i dei sakene som er reiste, seier Amundsen.

Patricia Kaatee, politisk rådgiver

Patricia Kaatee er politisk rådgjevar i Amnesty. Ho meiner det er naudsynt med ei samtykkelov også her i landet.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Den svenske regjeringa fremja i helga eit forslag om ei såkalla samtykkelov, som forbyr sex med personar som ikkje tydeleg seier ja eller aktivt uttrykkjer ynskje om å delta. Lova skal etter planen tre i kraft 1. juli neste år.

Både Amnesty Noreg, SV og Arbeidarpartiet meiner det er naudsynt med ei slik lov også her i landet. Politisk rådgjevar Patricia Kaatee sa til NTB i går at ho var skuffa over at regjeringa ikkje har fylgt opp eit forslag som den raudgrøne regjeringa sende ut på høyring i 2013.

– Lagt på is

Forslaget tok til orde for å utvide straffelova sin definisjon av valdtekt til også å omfatte seksuell omgang utan samtykke. Kaatee seier at eit fleirtal av høyringsinstansane slutta opp om forslaget, men at det likevel vart lagt på is.

Justisminister Per Willy Amundsen seier at han har bede om ein gjennomgang av historikken i denne saka.

– Det er ikkje hol i lovgjevinga vår. Om andre parti ynskjer å køyre saka i Stortinget, så er det ikkje på grunn av lovmessige manglar, men som følgje av symbolpolitikk. Det viktigaste er at vi får straffeforfølgje dei som bryt lovverket, seier han.

– Jeg tror alle kvinner har opplevd seksuell trakassering

#MeToo: Politikerne må våkne

AKTUELT NÅ