NRK Meny
Normal

– Legg ikkje telefonen igjen heime

– Det er ingen grunn til å leggje igjen telefonen heime. Det er viktig med kart og kompass, men mobiltelefonen kan gi ekstra tryggleik i kritiske situasjonar, seier operativ leiar i Oslo Røde Kors hjelpekorps, Jon Halvor Jonsrud Knutsen.

Jonsrud Knutsen er klar på at kart og kompass, og det å kunne bruke det, er svært viktig å påskefjellet. Men det er ingen grunn til å leggje att telefonen heime, meiner han.

– Telefonen kan vere forskjellen på liv og død. Når det skjer noko, så hastar det. Det handlar om tidleg varsling. Om det ikkje er normal dekning, så kan det vere mogleg å ringje naudnummera 112 eller 113, seier han til NRK.

Advarer fjellturister: Disse stedene kan ikke mobilen redde deg

Innslag fra Dagsrevyen.

VIDEO:- Ikke baser deg på mobiltelefonen, men ta den med på tur, er rådet fra Røde Kors.

Han fortel at ny teknologi er viktig for Røde Kors ved leite- og bergingsaksjonar, m og at telefonen er ein viktig reiskap for dei. Det har dei fleire vellukka eksempel på frå nylege aksjonar, fortel han.

Jonsrud Knutsen oppmodar folk som skal på fjellet i påska om å ta med mobiltelefon med eit ekstra batteri. Det er viktig å pakke telefonen godt inn, gjerne i ein plastpose med ziplås. Han ber skiløparar som skal gå i fjellet om også ha med seg ein GPS, og ikkje minst lære seg å bruke apparatet.

Jon Halvor Jonsrud Knutsen meiner at det elles er viktig å pakke sekken etter fjellvettsreglane, ha og med ekstra klede og spade. Og i tillegg meiner han det er viktig med GPS og mobiltelefon.

Knallstart for hyttene i påskefjellet

Anbefaler solfaktor 30 i påskefjellet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger