Hopp til innhold

– Kvifor tok Jakob bussen til Lund?

Jakob Abdullahi Hassan (14) reiste med buss frå Kristiansand sentrum til området der han var drepen kort tid før drapet skjedde, opplyste politiet på ein pressekonferanse i kveld.

Intervju med visepolitimester Terje Kaddeberg Skaar om siste utvikling i dobbetdrapssaken

VIDEO: Frå pressekonferansen Kristiansand i kveld.

Visepolitimeister Terje Kaddeberg Skaar sa på pressekonferansen at dei er svært interesserte i opplysningar om kvifor Hassan reiste med bussen dit. Om han hadde ein avtale eller hadde ein annan grunn til å reise dit.

14-åringen budde i Vågsbygd utanfor Kristiansand, og politiet veit ikkje kvifor han i går ettermiddag tok bussen til Lund.

– Skulle han møte nokon?

Jakob Abdullahi Hassan

Jakob Abdullahi Hassan vart brutalt drepen i Kristiansand i går ettermiddag.

Foto: Privat

– Vi er veldig interesserte i å kome i kontakt med noko som veit kva han skulle på Lund. Vi lurer på om han skulle møte nokon, sa Skaar blant anna.

Politiet har framleis ingen mistenkte i saka, men det har i løpet av dagen kome inn mange tips. Skaar vil ikkje kommentere om dei har fått inn tips på konkrete gjerningspersonar.

Han forsikra også at politiet i Kristiansand i samarbeid med Kripos har nok ressursar til å handtere denne saka.

Skaar sa også at dei har avhøyrt rundt 60 vitne, pluss at dei har gjennomført rundspørjingar i området der drapet skjedde. Han gjorde det også klart at dei har fått inn fleire interessante tips, og at politiet jobbar vidare med desse tipsa.

Sjokkbølgjer

Dobbeltdrapet i Kristiansand har sendt sjokkbølgjer gjennom lokalsamfunnet. Det var ved 16-tida i går ettermiddag at den 48 år gamle tobarnsmora Tone Ilebekk og 14 år gamle Jakob Abdullahi Hassan (14) vart stukne til døde med kniv inne på området til Wilds Minne skule i Kristiansand.

Tone Ilebekk, offer i Kristiansand

Tone Ilebekk vart brutalt drepen i Kristiansand i går ettermiddag.

Foto: Privat / Politi

Politiet står utan mistenkte i saka, og dei har ikkje funne ein relasjon mellom dei to drapsoffera. Trass i at dobbeltdrapet skjedde i eit sentralt område av sørlandsbyen, med blant anna ein travel idrettsarena like i nærleiken, er det ingen vitne til sjølve drapshandlinga.

Politiet ber folk som kan ha noko å fortelje om å ta kontakt. Dei trur det framleis er folk som var i nærleiken på det aktuelle tidspunktet, som ikkje har teke kontakt med dei. Mange kan ha prøvd utan å kome fram på grunn av stor trafikk på telefonen til politiet, men desse blir bedne om å prøve igjen.

Brei etterforsking

Det er sett inn store ressursar i etterforskinga av saka. Kripos er på plass for å hjelpe Kristiansands-politiet, og det går føre seg omfattande både teknisk og taktisk etterforsking.

Eit stort område rundt drapsstaden er sperra av, og dei tekniske etterforskarane er først og fremst ute etter biologiske spor på staden.

I tillegg er det vitneavhøyr og karlegging av offera. NRKs krimekspert Olav Rønneberg seier at eitt av spora politiet følgjer er at det kan ligge eit svar i eitt av offera sin bakgrunn.

Dobbeltdrap i Kristiansand

Tone (48) døde i dobbeltdrapet: – Hun var barnas beste venn

Mange fulgte barna til skolen i dag

DNA-bevis, hundesøk og rundspørringer: Slik skal politiet løse dobbeltdrapsgåten

De drepte er Tone Ilebekk og Jakob Abdullahi Hassan

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %