Hopp til innhold

– Kvar av oss et fire kvadratmeter regnskog kvart år

Kvar nordmann et fire kvadratmeter regnskog kvart år. Årsaka er at kjøt blir ein stadig større del av kosthaldet, og at soya frå Brasil er ein stadig viktigare del av norsk dyrefôr. Soya-produksjon står for 29 prosent av avskoginga i Brasil, viser ferske tal.

Soya-hausting i Brasil.

Soya-åkrane i Brasil er enorme. Her frå innhaustinga i Mato Grosso, der mesteparten av soyaen som blir eksportert til Noreg kjem frå.

Foto: YASUYOSHI CHIBA / Afp

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Organisasjonen Framtiden i våre hender presenterer i dag rapporten «Godt brasiliansk - en kartlegging av soyaforbruket i norsk landbruk og oppdrettsnæring» . Dette skjer i samband med at miljøminister Tine Sundtoft (H) i dag skal møte miljøvernorganisasjonane og matvareindustrien for å diskutere det komande klimatoppmøtet i Lima. Her skal dei blant anna diskutere korleis sikre at norsk import av råvarer ikkje skal vere med på å øydeleggje regnskogen.

Her går det fram at soya, importert frå Brasil, er ein viktig del av foret til norske dyr som blir brukte i kjøtproduksjon, altså storfe, sauer, gris og kylling. Det er også ein stadig viktigare ingrediens i foret som oppdrettsnæringa nyttar.

205.000 tonn soya

Tine Sundtoft

Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft møter i dag representantar for miljørørsla og matvareindustrien for å diskutere blant anna soya-problematikken.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Norsk landbruk brukte cirka 205.000 tonn soya i 2013. Det la beslag på eit areal i utlandet, i hovudsak Brasil, på 72.000 hektar. I Noreg er det ikkje klimatiske forhold til å dyrke soya, men hadde det vore det så måtte vi ha lagt heile Nordmarka og Østmarka utanfor Oslo under plogen for å dekkje behovet for soya til norske husdyr, går det fram av rapporten.

– Vi brukar ein milliard kroner kvart år på å verne regnskogen i Brasil. Men vi brukar fem milliardar kroner kvart år på å subsidiere eit landbruk som altså er ei viktig årsak til at regnskogen blir øydelagt, seier leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad.

80 prosent av soyaen som blir brukt her i landet kjem frå Brasil. I perioden frå 1990 til 2010 var soyadyrking årsaka til at 29 prosent av regnskogen forsvann, medan kvegdrift stod for resten.

LES OGSÅ: Nordmenn strømmer til kjøttfrie blogger

Enorme utslepp

Ifølgje Cicero sine utrekningar førte avskoginga i denne 20-årsperioden til utslepp på nesten 800 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er rundt 70 prosent av det samla norske utsleppet i same perioden.

Leiar i Framtidene i våre hender, Arild Hermstad.

– Vi må ete mindre kjøt, seier leiar i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad.

Foto: Framtiden i våre hender

Arild Hermstad er klar på kva vi må gjere for å snu utviklinga, vi må ete mindre kjøt.

– Det er ikkje slik at vi treng å bli vegetarianarar, men det vil hjelpe mykje på om vi kuttar ut kjøt eit par dagar i veka. Det beste er å redusere kjøtmengda i kvart måltid og så erstatte kjøtet med planteprodukt eit par dagar i veka. Det finst svært mykje bra vegetarmat på marknaden, seier han til NRK.

Han meiner det mest opplagde er å endre politikken for kor mykje kjøt vi skal produsere.

– I rapporten har vi dokumentert kor avhengige norsk kjøtproduksjon er av soya frå Brasil. Samstundes brukar vi så mykje pengar på å støtte kjøtproduksjonen, at vi et meir kjøt enn vi burde. Helsestyresmaktene seier at vi skal ete sunnare, men det er næringspolitikken som vinn, seier Arild Hermstad.

Her kan du sjå avskoginga

– Få alternativ til soya

Oppdrettsnæringa importerer i dag meir soya enn landbruket, og sjølv om fiskefôr stort sett inneheld meir soya enn husdyrfor, det er ikkje laksen som brukar mest soya når ein måler soyaforbruk per kilo kjøt, heiter det i rapporten.

Dette er fordi laksen dannar foret til kjøt meir effektivt enn landdyr. Det går med nesten ein halv kilo soya for å produsere ein kilo svinekjøt, 350 gram soya per kilo sauekjøt og i underkant av 20 gram soya for å produsere ein liter mjølk.

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

– Det er dessverre få alternativ til soya i dag, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Foto: Norges Bondelag

Leiar i Norges Bondelag , Lars Petter Bartnes, seier i ein kommentar at det dessverre ikkje er så mange alternativ til soya som energikjelde i dyrefôr i dag. Han meiner det er viktig å intensivere forskinga på alternative proteinkjelder, og då er det spesielt vekstar i havet som er aktuelle.

Bartnes meiner det trengst ei tydelegare prioritering av denne typen forsking, og minner om at biologi og bio-økonomi har vore sette fram som eit satsingsområde.

LES OGSÅ: Har avslørt ulovlig hogst i Amazonas ved hjelp av GPS

– Treng alternativ

– Det er nødvendig å investere forskingskapasitet for å utvikle alternative proteinkjelder, ikkje berre i Noreg, men også i resten av verda, seier Bartnes til NRK.

Han meiner at det viktigaste norske bidraget likevel vil vere at dei tre prosentane av landarealet, som dag blir brukt til matproduksjon, ikkje blir omdisponert til andre føremål som industri og bustadbygging.

– Vi må ta ansvar for dei klimaspora vi set, men det viktige er at vi sikrar ein størst mogleg lokal matproduksjon her i landet, med det klimaet og dei ressursane vi har. Det vil vere det viktigaste bidraget vårt for å redusere bruken av areal i regnskogen i Brasil, seier Lars Petter Bartnes.

Norsk produksjon

Når det gjelder rådet frå Framtiden i våre hender om å ete mindre kjøt, seier Bartnes at det viktigaste er at norsk landbruk vil vere i stand produsere det forbrukarane til ei kvar tid ynskjer, og til god kvalitet. Det gjeld også plantefor.

– Det viktigaste er at vi kan produsere maten her i landet, seier han.

LES OGSÅ: De store GMO-forvirrerne

AKTUELT NÅ