NRK Meny
Normal

– Klokka var fire på morgonen. Eg bestemte meg for å gi opp livet

Etter ni timar i havet, blei Fatima Al Zubadi redda opp av det norske skipet «Peter Henry von Koss». I dag møtte ho sine redningsmenn og -kvinner igjen.

Mannskapet ombord Siem Pilot og Henry von Koss ble i dag hedret med Humanistprisen

VIDEO: Her møter Fatima igjen dei som berga henne

I dag fekk mannskapet på dei to norske redningsfartøya «Peter Henry von Koss» og «Siem Pilot» tildelt Humanistprisen, for innsatsen dei har gjort for å berge menneske i havsnaud.

Redningsskøyta «Peter Henry von Koss» har operert i farvatnet mellom det tyrkiske fastlandet og den greske øya Lesvos dei siste 16 månadene. Til saman har mannskapet pukka opp over 4000 menneske frå havet, og ei av dei som har gjort sterkast inntrykk, er nettopp Fatima.

Leitte i fleire timar

Fatima Al Zubadi.

Det var ei takknemleg Fatima Al Zubadi som i dag vitja Oslo under utdelinga av Humanistprisen.

Foto: Harald Stolt-Nielsen / NRK

Eg hugsar henne godt. Vi leitte etter henne i fleire timar før vi fann henne, og då hadde ho vore i sjøen i ni til ti timar, seier nestkommanderande om bord på «Peter Henry von Koss», Anne Marie Bruu.

– Då vi fann henne, så hugsar eg at ho skreik av glede, legg skipsførar Lars Solvik til.

Det vart eit hjarteleg gjensyn under utdelinga av Humanistprisen i dag, då mannskapet på «Peter Henry von Koss» og «Siem Pilot» fekk prisen for innsatsen dei har gjort for å berge menneske i naud.

Fatima Al Zubadi er berre eitt av desse menneska, og ho fortel at ho hadde gitt opp håpet då ho oppdaga lyskastaren frå den norske redningsskøyta.

– Gav opp livet

– Klokka var fire på morgonen. Eg kjende meg veldig sliten, kald og trøytt etter alle timane i havet, og eg bestemte meg for å gi opp livet. Men plutseleg ser eg eit lys som nærmar seg, og eg byrjar å skrike. Så høyrer eg ei kvinne som ropar at eg ikkje skal vere redd, at dei var komne for å berge meg, seier Fatima til NRK

Ho fortel at ho såg ein båt som nærma seg, og at ho såg to vaksne menn kledde i kvite klede.

– Eg trudde det var englar som kom for å berge meg. Eg kjem aldri til å gløyme desse menneska som hjelpte meg tilbake til livet, seier ho.

Bergingsaksjon i Egeerhavet.

Historia om Fatima si flukt startar i heimlandet Irak. Byen der ho budde og arbeidde vart okkupert av terrororganisasjonen IS. IS gjorde det klart at dei ikkje aksepterte livsstilen hennar med at ho var i jobb, gjekk i vestlege klede og at ho ikkje brukte hijab.

– Eg fekk beskjed om at dersom eg ikkje endra livsstil, så ville dei drepe meg. Då forstod eg at eg måtte kome meg vekk. Eg flykta til Tyrkia saman med kjærasten min Mustafa, fortel ho.

Draumen om eit nytt liv

Dei oppheldt seg i Tyrkia i rundt eitt år, då dei tok avgjerda om å reise til Europa.

– Eg ville følgje draumen om eit nytt liv, ei ny framtid og retten til fridom, utdanning og arbeid. Det var ikkje lenger mogleg heime i Irak, seier Fatima.

Saman med den irakisk venninna Lara og ein ung syrar dei møtte på vegen, fekk Fatima og Mustafa plass på to hurtiggåande opne jetsky-båtar. Dei fekk ikkje plass på same båten, slik at Fatima og den syriske guten var på ein annan båt enn Mustafa og Lara.

– Då vi var midtvegs over havet kjem i stor bølgje og slår over oss. Vi miste balansen og fall over bord. Båtføraren såg det, men han gav berre meir gass og forsvann. Eg og den syriske guten vart liggjande i sjøen, og vi kom bort frå kvarandre. Det viste seg heldigvis at den norske båten hadde funne han først, fortel ho.

Hamna i Finland

Også Mustafa og venninna kom trygt fram til Lesvos. Mustafa slo alarm då han høyrde at Fatima hadde falle over bord, og «Peter henry Koss» gjekk ut for å leite.

Seinare reiste Fatima og kjærasten gjennom store delar av Europa til Finland, der dei har fått opphald.

Norsk skip reddet 176 personer fra fiskebåt

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger