Hopp til innhold

– Klimatiltak i byggebransjen går på helsa laus

Kampen om framtidas hus spissar seg til – no står miljø mot helse. – Strengare krav til energisparing i nye bustadar kan gå ut over helsa, meiner både Astma- og allergiforbundet og Arbeidstilsynet.

Om inneklimaproblemer med passivhus

Nett-tv: Er passivhus farleg for helsa

Knut Erik Severinsen flytta i 2011 inn i nytt hus med såkalla balansert ventilasjonssystem. Etter kort tid opplever han unormalt mykje støv i huset. No ropar både fagfolk i Arbeidstilsynet og Astma- og allergiforbundet varsku mot klimatiltak som går ut over helsa.

– Eg vaskar og vaskar, men støvet er tilbake med ein gong, seier Severinsen når NRK er på besøk hos han i Mosby, nokre kilometer nord for Kristiansand sentrum.

Støvet forsvinn med normal utlufting

Han stoppar ventilasjonssystemet kvar sommar, og opplever då at støvet er nesten borte.

– Eg håpar det snart er slutt på hermetikkboksar, og at vi kan bu normale hus igjen, sukkar han.

Astma- og allergiforbundet fryktar at resultatet av klimaforliket i Stortinget, og dei nye energikrava til bygg , er at helseproblema aukar.

– Vi får mange spørsmål om tette passivhus. Dette er nesten hermetiserte hus med liten utskifting av luft, og då oppstår det gjerne støv og høg temperatur. Dette gjer oss urolege, seier kommunikasjonssjef Bo Gleditsch.

Miljø mot helse

Han meiner kampen for betre klima i enkeltsaker kan gå ut over helsa.

– I iveren etter å løyse ei miljøutfordring, pådrar vi oss ei helseutfordring. Dette såg vi også med dieselproblematikken i 2007. Ein må ha to tankar i hovudet på same tid, seier Bo Gleditsch som etterlyser ei konsekvensutgreiing av helseeffekten av tette hus.

– Vi veit at astma- og allergiplager aukar dramatisk, og noko handlar om inneklimaet. Vi blir ikkje sjuke over natta, men det er når vi over lang tid bur i hus som ikkje er bra for kroppen ein blir sjuk. Vi snakkar om effektar om 25 år dersom vi ikkje tar omsyn no. I dag kostar astma- og allergiplagene samfunnet om lag ti milliardar kroner i året. Denne summen vil auka dersom vi ikkje løyser utfordringane når helse og miljø står i konflikt mot kvarandre.

Barn risikerer kols

Også i Arbeidstilsynet er fagfolk uroleg over at inneklima tapar i kampen mot klima:

– Vi veit at barn som blir utsette for dårleg innemiljø, sjølv om dei aldri røyker, men har hatt astma frå barndomen, lettare får kols enn storrøykarar som aldri har hatt astma, seier overlege Jan Vilhelm Bakke.

Han etterlyser større fokus frå helsestyresmaktene.

– Det kan sjå ut som det ikkje er stor nok interesse for dette, for ingen ser ut til å reagera på at ein ikkje etterlever regjeringa sin utgreiingsinstruks om helsekonsekvensutgreiing (HKU) for så viktige spørsmål.

– Skal ikkje gå ut over inneklima og helse

Direktoratet for byggkvalitet gjennomfører høyringsrunden på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Direktør Morten Lie seier prosessen tilfredsstiller alle krav.

– Dette er først og fremst ei endring i energiregelverket, og eitt av premissane for dette arbeidet er at det ikkje skal gå ut over inneklima og helse, seier han.

AKTUELT NÅ