– Klimakrisa er den viktigaste utfordringa i vår tid

– Den viktigaste utfordringa i vår tid er klimakrisa. Og det er ikkje mogleg å løyse denne krisa om vi ikkje samstundes oppnår sosial rettferd, sa SV-leiar Audun Lysbakken til Fredrik Solvang i partileiar-utspørjinga på NRK1 i kveld.

SV-leiar Audun Lysbakken.

Klima og sosial rettferd er dei viktigaste sakene for SV-leiar Audun Bjørlo Lysbakken.

Foto: NRK

Solvang starta med å sitere tidlegare SV-leiar Erik Solheim, som nyleg melde overgang til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), om at berre MDG kan bli eit grønt folkeparti her i landet.

– Eg har stor respekt for at Erik Solheim skifta parti, og du får meg ikkje til å seie noko stygt om han. Skilnaden på oss og MDG er at dei ikkje høyrer til på venstresida. Eg meiner vi treng eit raudgrønt parti på venstresida, og då er SV det beste alternativet, sa Lysbakken blant anna.

Han var klar på at det ikkje er mogleg å løyse klimakrisa berre ved hjelp av marknaden.

– Sterkare enn nokon gong

SV-leiaren sa at SV i dag er sterkare enn nokon gong med 16.000 medlemer og gode meiningsmålingar. Snittet av dei siste målingane ligg på rundt 7 prosent.

Solvang konfronterte Lysbakken med at MDG er langt meir offensive enn SV når det gjeld ambisjonane for å kutte CO₂-utsleppa. MDG har lagt seg på eit mål på 60 prosent, medan SV har programfesta 50 prosent.

– Vi har foreslått 60 prosent i Stortinget. Vi er samde med MDG i dei fleste klimasakene, men vi er også opptekne av sosial rettferd. Eg trur vår plan for kutt i klimautsleppa er den mest truverdige. Eg trur ikkje det er så lurt å setje ein sluttdator for norske oljeutvinning, men vi skal slutte å leite etter ny olje, sa Lysbakken.

Han vedgjekk at dette er ein prosess som ikkje går fort nok, men minte samstundes om at det er naudsynt å skape ny industri, nye arbeidsplassar, og at vi i Noreg i dag manglar ein samfunnsplan, ein slags grøn New Deal.

Vindkraftutbygging

Fredrik Solvang peikte på at MDG har ein klarare og meir konkret miljøprofil enn SV, blant anna når det gjeld vindkraftutbygging, der dei vil stanse alle nye prosjekt.

– SV høyrer på kva partiet meiner lokalt, slik at vi er for utbygging nokre stader og mot andre stader. Men vi ynskjer ein nasjonal vindkraftpause til vi har ein nasjonal rammeavtale for vindkraftutbygging, sa Lysbakken.

Han sa også at vi må byggje ut mest mogleg fornybar energi.

Utspørjaren viste til at SV-politikaren Kari Elisabeth Kaski har sagt at miljøpolitikken til SV ikkje er god nok.

– Vi har ikkje ein god nok politikk i dag, men vi skal leggje fram ein plan for dette. Vi må mobilisere for klimaet. Ved naturkatastrofar og krig så mobiliserer vi heile samfunnet, men det blir ikkje gjort i kampen for klimaet. Det vil vi gjere noko med, sa Audun Lysbakken.

Ap, Raudt eller MDG

På spørsmål om kva parti han ville ha røysta på om ikkje SV fanst, så svarte Lysbakken at det truleg måtte han blitt Arbeidarpartiet, Raudt eller MDG. Men det er også mykje hos desse partia han er usamd i, så det kunne vere ein god illustrasjon på kvifor SV finst, sa han blant anna.

Hans beste råd til veljarane er å tenkje kva retning dei ynskjer på politikken.

Lysbakken ville ikkje svare på kva han synest er mest kjedeleg i politikken, fordi alle felt er viktige for nokon.

Fredrik Solvang ville vite kven som er den argaste politisk motstandaren hans, og svaret kom kontant. Siv Jensen.

– Siv Jensen står lengst frå meg politisk, men samstundes likar eg henne veldig godt, Vi har det hyggjeleg saman, svarte han.

Sosialhjelp og flyktningar

Solvang køyrde Lysbakken på at SV har lova ein auke i sosialsatsane, slik at ein familie kan greie seg. Han gjorde eit poeng av at i Oslo, der SV har ordføraren, så ligg satsane under det Institutt for forbruksforsking har slått fast er mogleg å leve av.

– Det er noko vi ynskjer å gjere noko med, men vi er ikkje sterke nok i Oslo til å få det til. Vi jobbar for eit løft for dei fattige, men i politikken er det makta som rår. Får vi fleire røyster enn for fire år sidan kan vi gjere meir, svarte SV-leiaren.

Han lovde framleis kamp mot profitt på velferdstenester og kamp mot sosial dumping.

Audun Lysbakken meiner Noreg skal følgje rådet frå FN og ta mot 5000 flyktningar. partiet Raudt meiner vi skal ta mot 20.000.

– I det politiske klimaet vi har i dag er det tøft nok å få til 5000, sa han.

Norsk handelsavtale med Brasil: – Skandaløst og uansvarlig, mener SV-lederen

Kjemper for å berge studietilbudet på Nesna – men partiene har helt ulike løsninger

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger