NRK Meny
Normal

– Ingenting som tyder på at Majid er i Noreg

Beredskapsdirektør Kaare Songstad i Politidirektoratet seier det ikkje er noko som tyder på at Mutar Muthanna Majid, som er etterlyst av svensk politi, har reist til Noreg.

Politidirektoratet forteller at de ikke har noen opplysninger om at den etterlyste Mutar Muthanna Majid befinner seg i Norge. orienterer om situasjonen etter at svensk politi onsdag etterlyste en person mistenkt for terrorplanlegging.

VIDEO: Sjå pressekonferansen med Kaare Songstad her.

Songstad sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at det heller ikkje er noko som tyder på at det er noko som knyt terrorangrepa i Paris sist fredag til Noreg. Han sa også at det er sannsynleg at væpninga av norsk politi vil halde fram etter 1. desember.

Songstad fortel at dei fekk informasjon om Majid i går, og at dei sende informasjonen vidare til politidistrikta seint i går kveld. Han seier det er vanleg at informasjon om etterlyste personar blir delt med naboland, og at det ikkje ligg føre informasjon som kan tyde på at han er i Noreg eller har medhjelparar her.

– Best mogleg oversikt

Ettersøkt IS-medlem Mutar Muthanna Majid

Mutar Muthanna Majid er etterlyst av svensk politi for terrorplanlegging.

Foto: Expressen

Han sa også at det førebels ikkje er aktuelt å gjennomføre ekstraordinære tiltak på grensestasjonane som følgje av den svenske etterlysinga.

– Vi vurderer situasjonen fortløpande, men pr. no har vi ikkje valt å setje i verk særskilde tiltak på grensa, utover dei som alt er sette i verk, sa Songstad blant anna. Han la til at den auka aktiviteten på grensa er av ein slik art at publikum ikkje merkar det.

– Det viktigaste vi kan gjere no er å skaffe oss best mogleg oversikt over situasjonen internasjonalt og nasjonalt. Vi har derfor intensivert etterretningssamarbeidet mellom politiet og PST, seier Songstad.

Han sa på pressekonferansen at ein alltid må ta høgde for at det er ein fare for smitteeffekt etter eit så omfattande angrep som det i Paris

Storstilt jakt

Politiet i Sverige har sett i verk ei storstilt jakt på irakiskfødde Mutar Muthanna Majid, som skal ha kome til Sverige etter å ha delteke i borgarkrigen der på terrororganisasjonen IS si side. Det svenske tryggingspolitiet Säpo har gjort det klart at Majid truleg har planar om å gjennomføre terroraksjonar i Europa.

Bernard Cazeneuve

Frankrikes innanriksminister Bernard Cazeneuve.

Foto: Regis Duvignau / Reuters

Han skal ha kome til Sverige via Tyskland. Som følgje av dette heva Sverige i går trusselnivået frå tre til fire på ein skala som går frå ein til fem. Avisa Aftonbladet melder at han truleg har ti allierte i Sverige.

Svensk politi fryktar at Majid og medhjelparane hans skal gå til angrep mot stader der mange sivile er samla. I eit it internt politidokument Aftonbladet har fått tak i heiter det at målet truleg er i Sverige eller Tyskland, men mest sannsynleg Sverige.

Falskt svensk pass

Frankrikes innanriksminister Bernard Cazeneuve sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at franske styresmakter undersøkjer sambandet mellom mannen som er mistenkt for å ha planlagt Paris-terroren og ein annan mann, som vart arrestert med eit falskt svensk pass i Istanbul i fjor sommar.

Han sa at mannen som vart stansa i Istanbul, var på veg til Praha og hadde gått i oppgåve å gjennomføre ei terrorhandling, sa Cazeneuve blant anna.

Sverige jakter antatt IS-medlem: Utelukker ikke at han er i Norge

Slik jaktar svenskane på IS-medlem

Hovudmannen bak terrorangrepa er død

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger