Hopp til innhold

– Ikkje stakkarsleggjer folk som er åleine julekvelden

Agnes Husbyn reagerer på den einsidige framstillinga av einslege på julekvelden. Einslege skal ikkje måtte skamma seg over å trivast åleine i eigen heim, seier ho.

hender jul lys

Illustrasjonsbilete. Agnes Husbyn reagerer på einsidig framstilling i media om folk som er åleine julekvelden.

Foto: Colorbox

88 år gamle Reidun Synnøve Orest utløyste ei bølgje av medkjensle i heile landet då ho gjennom ein annonse ville betale for at nokon skulle feire julekvelden med ho.

Frivillige organisasjonar opplever no stor pågang av «julevenner», det vil seie folk som vil opne heimen sin for einsame.

Agnes Husbyn

Agnes Husbyn.

Foto: Vibeke Schjem / NRK

– Eg reagerer på den einsidige vinklinga av saka. Ein påfører folk skam for å vere åleine på julekvelden, seier Agnes Husbyn.

Ho er tidlegare generalsekretær i Ensliges Landsforbund, og peikar på at 54 prosent av hushaldningane i Oslo er einslege, og over 40 prosent i dei største byane.

82-åringen har budd åleine brorparten av sitt vaksne yrkesliv – og fram til no.

– Eg meiner folk ikkje skal måtte skamme seg for å vere åleine, og måtte ut av heimen sin for å feire jul. Det skal vere lov å velje sjølv, seier ho.

– Ikkje farleg å vere åleine

Husbyn meiner einsemd byrjar å bli eit farleg omgrep å koma inn under.

– Det må ikkje gå så langt at oppegåande einslege skammar seg over å trivast åleine i eigen heim, også ein julekveld, seier ho.

– Mange bygger opp sjølvrespekt og eigenverd i kraft av å vere einslege. Og så skal dei skamme seg ein dag i året for nettopp dette? spør ho.

Husbyn seier ho skjønar at mange vil ha nokon å feire jula med, men at debatten hittil har vore unyansert.

Ho oppfordrar også einslege til å ta initiativ sjølve, til å be folk heim til seg sjølv om dei har moglegheit til det.

– Ein bygger opp eit naturleg nettverk i løpet av eit liv, men mange er nok tilbakehaldne og kvir seg for å invitere folk til seg sjølv, seier Husbyn.

– Forsterkar einsemda

VG har gjort ei undersøking som viser at 112 000 personar skal ha ein «heime åleine-julekveld».

Husbyn har sjølv ikkje vore åleine på julekvelden, men seier ho har snakka med mange som har, og som seier at dei trivst godt med det.

Desse menneska skal ikkje bli pådytta skamkjensle, seier Husbyn.

– Sjukdom, sorg, og sakn av heimen, for ungdom, kan forsterke kjensla av einsemd ein slik kveld. Me som samfunn kan og bør gjere meir når det gjeld bygging av nettverk heile året, seier ho.

Mann på benk

Illustrasjonsbilete. Det finst også dei som trivst godt med å vere åleine i jula, seier Agnes Husbyn.

Foto: Colourbox.no

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger