NRK Meny
Normal

– Ikkje aktuelt å ta i mot fleire kvoteflyktningar

Innvandringsminister Sylvi Listhaug avviser oppmodinga frå innvandringskommisæren i EU om å ta i mot fleire kvoteflyktningar neste år.

listhaug

Innvandringsminister Sylvi Listhaug seier Norge ikkje vil følgje oppmodinga frå EU sin innvandringskommisær, Dimitris Avramopoulos om å ta i mot fleire kvoteflyktningar før andre land aukar innsatsen.

Foto: Wera Helstrøm/Norges delegasjon til EU / NTB scanpix

I eit brev til alle land i Schengen, inkludert Norge, oppmoda innvandringskommisæren i EU, Dimitris Avramopoulos, landa om å ta i mot fleire kvoteflyktningar i 2018. Han ber landa om å vere så ambisiøse som mogeleg, og spesielt auke innsatsen for å ta imot kvoteflyktningar frå Nord-Afrika og Afrikas horn.

Innvandringsminister Sylvi Listhaug avviser oppmodinga, og skriv i ein e-post til NRK at det ikkje er aktuelt å ta imot fleire flyktningar no:

– Norge er blant dei landa som tek imot flest kvoteflyktningar i høve til innbyggartal. Det er difor andre land som no bør følgje opp her. Norge har ein stor jobb føre seg med å integrere tusenvis som har kome, både som flyktningar og på familiegjenforeining. No er det mange land som bør gjere ein større innsats før Norge skal gjere meir.

Tek i mot mange

Departementet viser til tal frå FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) som viser at Norge er blant landa som tek i mot flest kvoteflyktningar både i høve til innbyggartal, og i absolutte tal.

I 2016 tok Norge i mot 3.149 kvoteflyktningar. Det er femte størst globalt, og nest størst i Europa. Berre Storbritannia, som har auka sin kvote, tok imot fleire kvoteflyktningar i Europa i fjor.

Listhaug seier Norge skal svare på brevet frå Avramopoulos snarleg.

Flyktninger over Middelhavet

Mange flyktningar prøver å krysse Middelhavet frå Nord-Afrika for å ta seg til Europa. No ber FN og EU land om ta imot fleire kvoteflyktningar neste år.

Foto: Anna Surinyach / AP

Vil ha ei europeisk løysing

Kor mange kvoteflyktningar Norge skal ta i mot, blir endeleg avgjort i budsjettforhandlingane. Dei siste åra har Stortinget vedteke å ta i mot fleire enn det regjeringa har foreslått. I år tek vi i mot nesten tre gongar så mange som i 2013. Og Ola Elvestuen i Venstre seier vi framleis kan auke talet.

– Det er rom for å ta i mot fleire enn vi gjer i dag. Men det som også er viktig er at vi får ei felles europeisk løysing, der fleire tek imot flyktningane som kjem over Middelhavet.

Og han får støtte frå generalsekretær i KrF, Hilde Frafjord Johnson.

– Kvoteflyktningar er dei mest sårbare flyktningane. Dette er menneske som FN har avklart at treng eit ekstra vern. Difor meiner vi at fil skal møte slike oppmodingar som no kjem frå EU og FN positivt. Men då er det ei føresetnad at EU også tek eit større ansvar sjølve, og at land som ikkje har stilt opp så langt også stiller opp.

EU vil hjelpe fleire

Bakgrunnen til oppmodinga frå EU om å ta i mot fleire flyktningar var at UNHCR nyleg bad om hjelp til å få overført 40.000 ekstra kvoteflyktningar frå Libya og andre land i regionen.

EU har mål om å trappe opp hjelpa til flyktningar frå Libya, Egypt, Niger, Etiopia og Sudan, som er land mange flyktningar reiser frå eller gjennom når dei forsøker å ta seg til Europa over Middelhavet.

Avramopoulos skriv i brevet at er like viktig å hjelpe folk frå desse områda som å ta imot kvoteflyktningar frå Syria.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger