Hopp til innhold

– Redd at Høie gjer dei same feila som oss

Aps Torgeir Micaelsen meiner helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) sin sjukeheimsplan liknar for mykje på den planen Ap sjølve hadde. Han trur Høie vil mislykkast, nett slik Ap gjorde gjennom åtte år i regjering.

Debatt om eldreomsorg i Politisk kvarter

Bent Høie og Erna Solberg kan gjere same feil som den raud-grøne regjeringa. Det seier Aps Torgeir Micaelsen som dei siste dagane har måtte leggje seg flat og beklage den førre regjeringa sin innsats i eldreomsorga.

Torgeir Micaelsen

Torgeir Micaelsen (Ap) fryktar den noverande regjeringa vil gjere same feil som hans regjering.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Bent Høie

Helse- og omsorgsminister Bent Høie har laga ein plan for å få opp tala på sjukeheimssenger.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Etter det eg høyrer, så vil ikkje desse tiltaka vere nok. Me gjorde det same. Me auka kommunane sine inntekter kraftig, me auka investeringsrammene, men det er på driftssida problemet ligg.

Høies trepunktsplan

Det seier helsepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Torgeir Micaelsen, som nettopp har høyrt helseminister Bent Høie fortelje om sin trepunktsplan for å få fart på bygginga av sjukeheimsplassar i norske kommunar.

Det var på besøk hos Politisk Kvarter at Høie ramsa opp sin plan for å få fleire sjukeheimsplassar dei kommande åra.

– Regjeringa skal ta meir ansvar på tre måtar. Me skal løyve meir pengar til dei som bygger institusjonsplassar. Me skal etablere ei oversikt over kva behov som finst og sette årlege mål saman med kommunane. Og me vil styrke rettane til dei som har behov for omsorg, sa Høie.

Høie meiner det berre handlar om tida og vegen før eldrebølgja slår inn over Noreg i 2020.

– Det er viktig at me tek fatt på dette saman med kommunane. Det er både ei utfordring at mange må vente på å få plass i dag, og i tillegg kjem det ei stor auke i eldre etter 2020. Staten er nøydd til å ta eit større ansvar, meiner Høie.

Ap har beklaga

Aftenposten skreiv fredag om at tal på sjukeheimsplassar i norske kommunar berre har auka med 567 plassar dei siste åtte åra, sjølv om den raud-grøne regjeringa hadde lova heile 12.000 nye plassar.

Før helga måtte Torgeir Micaelsen springe frå intervju til intervju og beklage at Ap og resten av den raud-grøne regjeringa ikkje hadde nådd sine ambisiøse mål. Men at regjeringa no sit med løysinga til sjukeheimsmangelen er Micaelsen ikkje så sikker på.

– Høie skal gjennomføre nærast dei same forslaga som førre regjering, eg trur ikkje det er nok. Eg trur alle parti, inkludert mitt eige parti, no må gå i seg sjølve for å finne svaret på kva som er best å gjere, seier Micaelsen.

Han har tre andre forslag til korleis eldreomsorga kan bli betre.

– Me må leggje meir til rette for at eldre kan få bu heime hos seg sjølve. Me må legge til rette for at pårørande sjølv kan få hjelpe sine eigne, og me må kome med forslag til korleis terskelen på å få sjukeheimsplassar skal bli lågare, seier Micaelsen.

(Saka held fram under biletet)

Erna Solberg på Vea sykehjem i Karmøy

Erna Solberg var ei populær dame då ho i juli vitja Vea sykehjem i Karmøy.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Kommunane tør ikkje å drifte

Han meiner også det er naudsynt at staten går inn på driftssida av eldreomsorga, sidan han trur mange kommunar vert skremte av kva det kostar å drive institusjonane.

– Kommunane tør ikkje å satse nok, fordi dei er redde for kva det vil koste å drifte dette. Då bør staten ta grep og gjere noko med det, seier Micaelsen.

Høie seier hans regjering står att med rekninga, etter det han meiner er ein altfor dårleg innsats frå den raud-grøne regjeringa.

– Eg er redd me har tapt mange år under førre regjering, og ikkje er klare nok for veksten i eldre som kjem. Me må rydde opp i ein situasjon der Arbeidarpartiet gjekk kraftig ut med veldige løfte, utan evne til å gjennomføre det. På vår vakt skal kommunane vere rusta for det som er samfunnet sine behov, seier Høie.

– Kan du love at det kjem fleire sjukeheimsplassar?

– Ja, men det er eit enkelt løfte. Det som er viktig er om det blir bygd nok. Då er det viktig med sterkare verkemiddel, avsluttar Høie.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger