Hopp til innhold

– Helsefarleg sushi i Oslo

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Etter eit nytt tilsynsraid får sushi-restaurantane i Bergen ros, men skjenn eller kroken på døra i Oslo. Uskolerte sushi-kokkar utgjer ein helsefare, meiner Mattilsynet.

I 2011 har Mattilsynet lagt den blomstrande sushi-bransjen under lupa. Medan sushi-kokkane i Bergen har stålkontroll, er resultata frå inspeksjonane i Oslo nedslåande.

  • Sjå alle resultata frå tilsynskampanjen i Oslo og diskutèr nedst i artikkelen

I hovudstaden har ni sushi-restaurantar fått kroken på døra etter at tilsynet kom på overraskingsbesøk. 31 av 46 fekk varsel om vedtak.

– Me ser at mange av serveringsstadene manglar kunnskap om korleis ein lagar sushi på ein trygg måte, seier seksjonsssjef ved Mattilsynet sitt distriktskontor i Oslo, Gry Marianne Holmbakken.

– Helsefarleg

Sushi-konsumet til nordmenn har skote i veret det siste tiåret. Mattilsynet har lenge vore uroa for stoda i sushi-bransjen, men staten sin vakthund har ikkje fulgt opp med meir tilsyn - før no.

På nyåret vart det vedteke at inspeksjonar ved sushi-utsal skulle bli eit nasjonalt prioritert område i 2011. Mattilsynet har avslutta kampanjen etter å ha inspisert 46 av dei om lag 150 sushi-restaurantane som finst i hovudstaden. Resultata viser at det var på høg tid med ei opprydding.

Manglande kunnskap om riktig tilbereding av sushien og dårleg personleg hygiene blant de tilsette er ein gjengangar. Somme stader stod det så ille til at maten utgjorde ein potensiell helsefare for gjestene.

Lakse-sashimi

- Det er stor forskjel på å koka pølser og å laga sushi som er trygg å eta, seier Gry Marianne Holmbakken i Mattilsynet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Gry Marianne Holmbakken, Mattilsynet i Oslo

Gry Marianne Holmbakken er sjef ved seksjon for produksjon og omsetnad hjå Mattilsynet i Oslo.

Foto: Privat
Måtte stengja

Ti av dei totalt 46 inspiserte verksemdene blei pålagde å stengja eller fekk omsetningsforbod.

Fem av desse måtte stengja heile verksemda, fire måtte fjerna sushi frå menyane sine, medan ein utsalsplass fekk ordre om å kasta alt dei hadde i kjøledisken fordi temperaturen var for høg.

– Restaurantane måtte stengja fordi maten dei serverer kan vera helsefarleg. Me har ikkje fått meldingar om at folk har vorte sjuke av å eta på desse plassane, men samstundes så er det ikkje alltid lett å veta kva ein har blitt sjuk av, seier Holmbakken i Mattilsynet.

Berre fire stader bestod tilsynet utan anna enn rettleiing. Den sushibaren som var aller best i klassen var Japoniis sushi på Røa, som ifølgje Mattilsynet utmerkte seg på ein særleg positiv måte.

– Kan bli sjuk av risen

Food And Farm Sushi Rice

Lunka sushi-ris blir ei bakteriebombe dersom den ikkje har låg nok ph-verdi.

Foto: Rich Pedroncelli / Ap

Det er faren for parasittar som gjer rå fisk til ein langt større sjukdomsrisiko enn fisk som er kokt eller stekt. Djupfrysing tek knekkjen på eventuelle parasittar som kan gje kvalme, store magesmerter og allergiske reaksjonar

Fisk som blir servert nesten eller heilt rå på restaurant skal difor frysast ned til minimum 20 minus i eit døgn, er kravet i den norske fiskekvalitetsforskrifta.

– Me ser at mange som sel sushi ikkje har rutinar for å frysa inn fisken før dei skal bruka den. I tillegg er den personlege hygienen for dårleg, seier seksjonssjef Holmbakken.

I tillegg til fryserutiner, er risen eit viktig sjekkepunkt når Mattilsynet er på inspeksjon.

– Folk kan faktisk bli sjuke av lunka ris som har feil ph-verdi. Også på dette punktet er kunnskapen ofte for dårleg, seier Holmbakken.

Kunnskap og kontroll i Bergen

Også bergensarane er glade i den japanske nasjonalretten. I Bergen finst det no 12 stader som serverer eller produserer sushi. I samband med den nasjonale kampanjen har Mattilsynet her inspisert ti av verksemdene.

Éin fekk varsel for manglande internkontroll, men resten bestod prøven med glans.

– Me er svært nøgde med resultatet. Inntrykket vårt er at sushi-kokkane i Bergen har god kunnskap og god kontroll, seier seksjonssjef Hilde Berge ved Mattilsynet i Bergen.

Mattilsynet i Bergen og i Oslo opplyser at dei no er ferdige med den nasjonale sushi-kampanjen. I Oslo kjem tilsynsorganet til å fortsetja med hyppige inspeksjonar.

– Etter denne runden ser me at det absolutt er behov for meir sushi-tilsyn, seier seksjonssjef Holmbakken.

I samband med tilsynet er det også teke prøvar til eit parasittprosjekt i regi av Veterinærinstituttet og nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES).

Sushi-tilsyn i Oslo 2011

Navn

Adresse

Resultat

Status nå

Mr Sushi

Valkyrie gate 1

Omsetningsforbud

-

Nippon Sushi

Sørkedalsveien 5b

Forbud mot servering av Sushi

Åpnet igjen

Volvat Cafe Godbit Nguyen

Sørkedalveien 3C

Forbud mot servering av Sushi

Åpnet igjen

Nori Shushi Bar

Sandstuevn

Forbud mot servering av Sushi

Åpnet igjen

Star Sushi St. Hanshaugen

Waldemar Thranes gate 25

Forbud mot servering av Sushi

-

Torshov sushi

Vogtsgt. 39

Forbud mot servering av Sushi

Åpnet igjen

Storgaten Lunsjbar

Jernbanetorget 1 (Østbanehallen)

Forbud mot servering av Sushi

Sluttet med Sushi

Grefsen hjørnet kiosk

Grefsenveien 107

Forbud mot servering av Sushi

-

Sushi Huset Sæter

Ekebergveien 235

Forbud mot servering av Sushi

-

Briskeby Sushi

Niels Juels gate 51a

Forbud mot servering av Sushi

Åpnet igjen

Nori Sushi og tehus

Ullevålsveien 10

Anmerkning

-

Baguettservice Oslo

Ullevålsveien 39

Anmerkning

-

Sushiekspressen

Fredensborgveien 44

Anmerkning

-

Sushi Adamstuen

Ullevålsveien 82

Anmerkning

-

Four Seasons

Ruseløkkveien 3-5

Anmerkning

-

Chiba Sushi

Tollbugata 27

Anmerkning

-

Sushi Godbit Bislett

Pilestredet 55

Anmerkning

-

Star Sushi Frogner

Skovveien 8

Anmerkning

-

Japon Sushi

Sognsveien 70b

Anmerkning

-

Ohayo Sushi

Kongensgate 6

Anmerkning

-

Sundt og Godt Sushi

Stortingsgata

Anmerkning

-

Gaia Kitchen

Torggata 16

Anmerkning

-

Sushi Huset

Trondheimsveien 111

Anmerkning

-

House of Sushi Kiellands hus

Waldemar Thranes gate 72

Anmerkning

-

Bislett Sushi St.Hanshaugen

Waldemar Thranes gate 2

Anmerkning

-

Stop & Gå

Kalbakkveien 34B

Anmerkning

-

Aj Tokyo Sushi

Frydenlundgata 1

Anmerkning

-

Sumo Sushi

Youngstorget 3

Anmerkning

-

Bamboo restaurant & sushi

Stockfletsgt. 53

Anmerkning

-

Sushi house

Maridalsveien 162D

Anmerkning

-

Sun sushi

Vogtsgt. 56

Anmerkning

-

Sushi Take Away AS

Skippergata 32

Anmerkning

-

Hai Sushi

Jernbaneveien 1

Anmerkning

-

Phero Sushi

Trondheimsveien 21

Anmerkning

-

Sushi De Lux

Schweigaardsgate 50

Anmerkning

-

Le Meo Sushi

Pilestredet 31

Anmerkning

-

Royal sushi

Trondheimsveien 60

Anmerkning

-

Sushi of Life

Briskebyveien 70

Anmerkning

-

Sushi King

Holtegata 32

Anmerkning

-

Sushi Express

Parkveien 6

Anmerkning

-

House of Sushi avd. Skøyen

Karenlyst allé 12

Anmerkning

-

Sushi to go

Karenlyst allé 9-11

Ingen anmerkning

-

Mini Sushi

Carl Berners Plass 2

Ingen anmerkining

-

Japo Sushi

Frognerveien 1

Ingen anmerkning

 

Japoniis sushi

Vækerøveien 205

Ingen anmerkining

-

Sakana Sushi

Prinsens gate 02

Ingen anmerkining

-

Ekspander/minimer faktaboks

Sushi-tilsyn i Oslo 2011.

AKTUELT NÅ