NRK Meny
Normal

– Frp-leiinga har ofte «snakka til» Leirstein

Frp-nestleiar Per Sandberg vedgår at partikollega Ulf Leirstein har «drite seg ut» ved å trykkje «likar» på ufordrageleg hets av Hadia Tajik på Internett.

Per Sandberg, Anniken Huitfeldt og Magne Lerø debatterer retorikk, språkbruk og netthets i Dagsnytt 18. Programleder Hege Holm.

VIDEO: Sjå debatten her.

Sandberg nemnde også at partileiinga har måtta «snakke til» Leirstein fleire gonger etter hans nettaktivitetar.

Frp-nestleiaren sa dette på Dagsnytt 18 i kveld, der han møtte Anniken Huitfeldt frå Arbeidarpartiet til debatt. Huitfeldt og Arbeidarpartiet kritiserer leiinga i Framstegspartiet for å ikkje å ha beklaga offentleg det Leirstein har gjort.

– Ufordrageleg hets

Anniken Huitfeldt

Anniken Huitfeldt (Ap) gjekk hardt ut mot Frp-nestleiar Per Sandberg i Dagsnytt 18 i kveld.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Leirstein har sjølv gått ut og beklaga at han trykte «likar» på nokre kommentarar på Facebook som altså Sandberg karakteriserer som «ufordrageleg hets». Det gjaldt blant anna kraftige utfall mot Ap-politikar og tidlegare kulturminister Hadia Tajik.

Anniken Huitfeldt kritiserer Framstegspartiet for ikkje å vere tydeleg nok i denne saka. Ho meiner at partiet, ved å ikkje ta klar avstand frå netthets med rasistiske undertonar, er med på å legitimere nettrolla sine haldningar.

Ho kritiserer partiet fordi det gjekk fleire dagar før Ulf Leirstein beklaga det han hadde gjort, og at partileiinga ikkje har gått ut og teke avstand frå det. Huitfeldt meiner Frp ikkje har vore tydeleg nok i dette spørsmålet, som det einaste partiet på Stortinget.

LES OGSÅ: – Vis deg og vis holdning, Siv Jensen

Tek avstand frå hets

Sandberg gjorde det klart at han tek avstand frå alle formar for hets på nettet, akkurat som Arbeidarpartiet. Han sa at det no er viktig å ta tak i det som verkeleg er det store problemet, nemleg korleis vi skal stanse radikal islam her i landet.

Han viste blant anna til at Ap-leiar for nokre år sidan sa at radikal islam ikkje er noko problem her i landet.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg seier at ho ville ha sagt tydeleg frå om Leirstein hadde vore i hennar parti.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Sandberg sa at det no er viktig å samarbeide, og ikkje gå i skyttargravene. Han sa også at Arbeidarpartiet gjer Hadia Tajik ei bjørneteneste ved å spele ut henne som offer.

LES OGSÅ: Har fått tilsnakk flere ganger

LES OGSÅ: Jensen nekter å beklage overfor Tajik og Ap

– Ville sagt tydeleg frå

Statsminister Erna Solberg (H) har gjort det klart at ho ville sagt tydeleg frå dersom ho hadde fått ei slik sak i Høgre. Ho vil likevel ikkje kritisere Frp-leiar Siv Jensen for hennar handtering av saka.

Jensen sa tidlegare i dag at Ulf Leirstein gjekk over grensa då han trykte «likar» på hetsen av Hadia Tajik. Men Siv Jensen ville ikkje beklage overfor Tajik.

LES OGSÅ: Leirstein beklager «Facebook-like»

LES OGSÅ: «Haha! I mangel av gode argumenter kommer nå Ap drassende med kjønnsargumentet!»

Raste mot Frp

VIDEO: Hadia Tajik i Debatten.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger