Hopp til innhold

– Håper Tyrkia godtek orsakinga vår

Statsminister Erna Solberg (H) håpar at Tyrkia vil godta orsakinga frå den norske regjeringa. Men om Tyrkia ynskjer å snakke meir om det som skjedde på Nato-øvinga i Stavanger, er ho open for det.

Statsminister Erna Solberg (H).

Erna Solberg trur ikkje hendinga på Nato-øvinga sist veke skal øydeleggje forholdet mellom Noreg og Tyrkia.

Foto: NRK

Det var sist veke at Tyrkia trekte tilbake soldatane som deltok på øvinga i Stavanger, etter at Tyrkia var oppført som fiende i eit situasjonsspel. Ifølgje Tyrkias president RecepTayyip Erdogan vart både han og grunnleggjaren av den tyrkiske staten, Mustafa Kemal Atatürk, framstilt som fiendar av Nato.

Både Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) var raskt ute med ei orsaking , men Erdogan gjorde det klart at det ikkje var nok . Han har ikkje konkretisert kva han ventar seg av norske styresmakter og Nato.

– Godt forhold til Tyrkia

Turkey NATO

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan er rasande etter at Tyrkia vart framstilt som fiende under ei Nato-øving i Stavanger sist veke.

Foto: AP

Erna Solberg opplever det ikkje som om forholdet mellom Tyrkia og Noreg er i krise, og ho karakteriserer forholdet mellom dei to landa som godt.

På spørsmål om ho forstår at Tyrkia kjenner seg som ein andrerangs Nato-medlem, svarar ho dette:

– Det er mykje kritikk av Tyrkia, og noko av det er rettmessig, blant anna i spørsmålet om menneskerettar. Eg veit dei synest dei fekk for lite støtte etter kuppforsøket, og det kan hende dei har eit poeng. Det er mykje turbulens i Tyrkia som gir grunnlag for kritikk, og det må dei tole.

– Er dette ein vanskeleg balanse?

– Det er alltid ein balanse. Vi er tydelege til Tyrkia, og dei er tydelege tilbake til oss. No håpar eg dei godtek orsakinga vår, slik at vi kan gå vidare, seier statsministeren.

Stoltenberg med ny unnskyldning til Tyrkia

Derfor reagerer Erdogan som han gjør etter Nato-øvelsen

Innleigd hjelp

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen opplyste fredag at nordmannen som stod bak øvingsmeldinga, der Tyrkia vart framstilt som ein fiende, var innleigd for å arbeide i spelstaben under øvinga.

Nato-sjef Jens Stoltenberg sa då at det var opp til norske styresmakter å avgjere eventuelle disiplinære reaksjonar. Forsvaret opplyste og at personen som stod bak, vart teken ut av øvinga og kontrakten hans med Forsvaret er avslutta.

Bakke-Jensen har presisert at meldinga som vart lagt ut under øvinga, ikkje på nokon måte reflekterer det norske synet på Tyrkia.

– Norge og NATO må forberede seg på å bukke og skrape

AKTUELT NÅ