Dei fleste bransjar innan handel og service nyttar den såkalla franchise-modellen, der butikkeigarane aleine står ansvarleg for drifta, men må betale tilbake delar av omsetninga til eigarane.
– Det er i realiteten slik at franchisegivarane, eigarane av konseptet, set alle vilkåra for drift og tener dei store pengane, medan franchisetakarane, dei som gjer jobben og driv butikkane sit på all risiko og tapar, seier advokat Torkjell Solbø.
I over 15 år har han sett korleis ulike skjebnar har kjempa mot eigarane og franchisegivarane i ulike saker.
– Eg har sett mange som har gått personleg konkurs og fått øydelagt liva sine etter å ha blitt franchisetakar, seier han. .
Tidlegare har NRK fortalt om tilsette i 7-Eleven som meiner dei vart pressa ut av kiosken og tilsette som vart trua av sjefen på Narvesen-kioskar på Gardermoen.
- Les meir:
- Les meir:
Etterlyser lovverk – H og Ap: Vi har alt ei arbeidsmiljølov
Solbø meiner hardt pressa butikkeigarar kan skape eit dårleg arbeidsklima for tilsette. Derfor etterlyser han eit lovverk rundt driftsmodellen, og får støtte av fagforeininga Handel og Kontor.
Arbeiderpartiet seier dei er villig til å sjå på ulike sider av ein slikt lovverk, men meiner det viktigaste er å halde på og styrke arbeidsmiljølova.
– Under dagens modell er det ikkje lov å bryte denne lova, men vi ynskjer å styrke den og vere tydeleg på korleis dei store aktørane skal behandle arbeidsfolk, seier arbeidspolitisk talsperson i Ap, Dag Terje Andersen.
Han seier dei har fremma fleire forslag i Stortinget som skulle styrke arbeidsmiljølova, men at regjeringspartia har stemt imot.
– Vi stemte imot det som var symbolpolitikk frå Ap, fordi regjeringa alt arbeider med ein del av forslaga, seier Stefan Heggelund, arbeidspolitisk talsperson i Høgre.
– Ap seier dei er villige til å sjå på ei regulering av franchise-modellen, er Høgre med på det?
– Vi er alltid interessert i å sjå på korleis ting kan bli betre. Vi treng eit godt samarbeid mellom fagrørsle, arbeidsgivarsida og etatane som arbeider med å avdekkje dei useriøse aktørane.
– Er det eit problem at fleire og fleire driv etter franchisemodellen?
– Det ser eg ikkje på som eit problem i seg sjølv, det som er viktig er å ha ei streng arbeidsmiljølov for å verne dei tilsette uansett korleis du driv, seier han.
NHO Handel: Ser ikkje behovet
NHO Handel ynskjer ikkje å kommentere påstandane til advokaten, men seier i ein e-post at dei ikkje har konkludert i spørsmålet om lovregulering.
– Vi ser ikkje eit umiddelbart behov for ei slik lov, da det meste vert regulert i eksisterande lovgiving, seier administrerande direktør i NHO Handel, Bjørn Næss, i ein e-post.
Han legg til at dei støtter arbeidstakarsida når det gjeld å slå ned på lovbrot, men peikar samtidig på at dei fleste driv seriøst.