NRK Meny
Normal

Ber olje- og gassindustrien halde seg unna Bjørnøya

BJØRNØYA (NRK): Inga verksemd som har med olje- og gassindustrien å gjere, skal få innpass på Bjørnøya. Det seier styret for selskapet som eig øya. Presset på denne arktiske utposten aukar, etter kvart som olje- og gassindustrien går stadig meir mot nord.

Det er ugjestmildt, barskt og utilgjengeleg. Som ein liten prikk på kartet ligg Bjørnøya midt i Barentshavet mellom Spitsbergen og Finnmark. Sidan 2002 har størstedelen av øya vore verna som naturreservat.

No er den arktiske øya i ferd med å få olje- og gassindustrien tett innpå seg.

Video Bjørnøya

Sjå reportasjen i Laurdagsrevyen

Er blitt kontakta

– Vi er blitt kontakta uformelt av selskap i olje- og gassindustrien. Det stadfester Knut M. Ore, som er styreleiar i Bjørnøen AS, det statlege selskapet som eig Bjørnøya.

Knut M. Ore

Knut M. Ore er styreleiar for det statlege selskapet Bjørnøen AS, som eig Bjørnøya. Nyleg var folk frå styret og leiinga på synfaring.

Foto: Karl Hans Johansen / NRK

–Interessa for aktivitet på Bjørnøya er der, og vi er førebudde på press frå den kanten, seier Ore til NRK.

I petroleumsnæringa er optimismen stor etter funnet av Skrugard i vår. Statoil-feltet ligg om lag midt mellom Bjørnøya og Finnmark. Og i sommar har det pågått ei omfattande kartlegging ved hjelp av seismikk heilt opp mot Bjørnøya. Grenseavtalen med Russland, som tok til å gjelde frå 7. juli, gjer også området meir attraktivt. Den langvarige striden med russarane er historie.

Knut M. Ore ser med uro på ei utvikling der olje- og gassindustrien kjem nærare og nærare Bjørnøya.

– Skrugard-feltet, og det vi elles ser konturane av i Barentshavet, viser at aktiviteten faktisk kjem nærare Bjørnøya enn fastlandet, seier han.

Bjørnøya interessant

Oljeselskapet North Energy har etablert seg i Alta. Barentshavet er deira kjerneområde. 70 prosent av verksemda er der.

Erik Karlstrøm

Erik Karlstrøm, administrerande direktør i oljeselskapet North Energy.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Dei leiteområda som styresmaktene har sagt ja til, ligg heilt klart nærare Bjørnøya enn før. To lisensar ligg svært nær - ein ca. 100 km unna, den andre ligg rundt 150 km frå øya. Bjørnøya er utan tvil interessant for oss, seier administrerande direktør i North Energy, Erik Karlstrøm.

– Området rundt øya er uavklart, men pr. idag står det fast at det er forbod mot petroleumsaktivitet nærare øya enn 65 kilometer, seier Karlstrøm.

– I ein leitefase ser vi for oss at Bjørnøya vil ha ein beredskapsfunksjon. Det er mindre enn ein halvtime med helikopter frå Bjørnøya til næraste leiteområde, og det vil vere uansvarleg å bruke tre-fire timar frå fastlandet i tilfelle det skulle skje noko under operasjonane i Barentshavet.

– Vi kan jo ikkje late som om øya ikkje er der, legg han til.

Men han understrekar at selskapet ikkje har planar om oljeleiting på sjølve øya, eller nokon form for aktivitet innanfor verneområdet.

– Likevel bør det kunne etablerast støttefunksjonar på Bjørnøya som vil kunne vere til nytte både for petroleumsindustrien og den maritime næringa, seier Karlstrøm.

Lager og beredskap

– At den stort sett isfrie Bjørnøya ligg strategisk plassert, midt i Barentshavet, er ingen tvil om, seier seniorforskar Willy Østreng ved Universitetet i Oslo.

Willy Østreng

Seniorforskar Willy Østreng ved Universitetet i Oslo.

Foto: Vilde Mikkelsen / NRK

– Lofoten, Vesterålen og Senja er tona ned, i alle fall mellombels. Når det gjeld olje- og gassaktiviteten i nord, er det no eit sterkare fokus på Barentshavet.

– For det første må eventuell aktivitet på Bjørnøya skje i det området som ikkje er verna, altså rundt den meteorologiske stasjonen, seier Østreng.

– Og der kan ein mellom anna sjå for seg fleire typar lagerfunksjonar, både for forsyningar av ulike slag, for reservedelar og diverse utsyr som olje- og gassindustrien har bruk for i sine aktivitetar i desse farvatna, seier han.

Seier blankt nei

Men Bjørnøen AS seier kontant nei til all verksemd som har med olje- og gassindustrien å gjere.

– Bjørnøya er eit naturreservat. Og det er det ein grunn til. Øya har unikt fugleliv og unik natur. Vi ønskjer ikkje slik aktivitet på Bjørnøya, slår Knut M. Ore fast.

Redd for oljesøl

Ore er også redd for følgjene av auka skipstrafikk i området rundt øya. Han meiner konsekvensane kan bli svært alvorlege dersom det skulle skje ei oljeulukke like utanfor kysten.

– Beredskapen er minimal. Og dette er Arktis. Naturen er mykje meir sårbar her, seier Ore.

For vel to år sidan gjekk det russiske lasteskipet «Petrozavodsk» på grunn sør på Bjørnøya. Framleis ligg det her, rett nedanfor fuglefjellet. Rundt 1,5 millionar fugl hekkar i dei opp til 400 meter høge klippene - det er den største fuglekolonien på den nordlege halvkule.

– Det er eit utruleg syn å sjå skipet liggje her, seier Ore.

– Dersom det blir mykje aktivitet rundt Bjørnøya, kan vi få fleire slike ulukker, og vi har ikkje lyst til at dette skal vere ein skipskyrkjegard, legg han til.

Kan bli konflikt

– Kan det bli ein konflikt om bruken av Bjørnøya, Karlstrøm?

– Det kan det sikkert bli. Vi ser jo at vi har aktørar som vil jobbe mot oljeindustrien, men det har til no vore rimeleg god konsensus om at oljeverksemd i Barentshavet er noko som er tenleg for Noreg, og som ikkje skadar miljøet. Vi ser at her har den norske oljeindustrien gjort ein god jobb, og det trur eg andre land også ser, seier Karlstrøm.

Han trur at petroleumsnæringa kan bidra til ny og spennande aktivitet på Bjørnøya.

– Gjennom ei moderat utbygging av det som er der i dag, kan det bli meir å gjere innan både logistikk og kunnskapsinnhenting. Vi treng meir kunnskap om dette området, og eit «datapunkt» midt i Barentshavet vil vere svært verdifullt, seier han.

– Her kan norske og utanlanske forskarar samarbeide. Dersom vi bruker Bjørnøya meir enn vi gjer i dag, vil det bidra til å legitimere den norske rolla i Arktis, seier Erik Karlstrøm.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger