Hopp til innhold

– Grøne investeringar både populært og lønnsamt

Kundane strøymer til grøne fond. Trenden ar at fleire flyttar sparepengene til etiske investeringar, seier bankane.

DNB fond

Her hos DnB Markets sine meklarar er grøne fond eit stadig meir populært alternativ til investeringar.

Foto: NRK

– Me har flytta sparepengane våre til grønare investeringar, no bør Oljefondet gjere det same, seier gjengen frå «Besteforeldrenes klimaaksjon».

Besteforeldre investerer i grøn framtid

NRK møter pensjonistane på Kaffistova i Oslo sentrum. Der planlegg dei mellom anna si deltaking på dagens Divestment-day, ei global markering, der organisasjonar oppmodar selskap, fond og privatpersonar til å gjere grøne investeringar.

Besteforeldreaksjonen

Dei fem pensjonistane er delaktige i Besteforeldreaksjonen. Dei har flytta pengane over til berekraftige fond, og vil at oljefondet gjer det same. Frå venstre: Finn Bjørnar Lund, Kristin Aspelund, Ivar Castberg, Christian F. Holst og Gustav Paulsen.

Foto: Line Tomter / NRK

«Besteforeldrenes klimaaksjon» er ein av 20 organisasjonar i Noreg som stiller seg bak aksjonen. Dei meiner mellom anna at det norske oljefondet må sjå mot grøne investeringar, i staden for å investere i selskap som kan bidra til klimaendringar.

– Eg hadde pengar i Statoil, men dei er no selt, seier Gustav Paulsen, som bur i oljebyen Stavanger.

– Det handlar også om kva bank ein set pengane sine i. Eg har gått over til Storebrand, sidan dei var dei første til å trekke seg ut av kol. Eg vil jo ikkje ha pengane mine i selskap som ikkje har noko klar meining om dei skal investere i det grøne eller svarte, seier Ivar Castberg.

Christine Meisingset

Christine Meisingset i Storebrand seier ho merkar at kundane vert stadig meir opptekne av å gjere grøne investeringar.

Foto: Storebrand

– Kundane er stadig meir opptekne av berekraft

Dei to pensjonistane prøver å prioritere dei grøne alternativa, og skal ein tru investeringsekspertane, så er dei ikkje åleine om å tenkje slik.

– Me merker at kundane er stadig meir opptekne av berekraft når dei skal investere i fond. Og det har me sette in tydeleg endring på dei siste par åra i både Noreg og Sverige, seier Christine Meisingseth.

Ho meiner det i dag vert stadig meir økonomisk gunstig å ta etiske investeringsval, og det auka fokuset på berekraft har minska risikoen for grøne investeringar, meiner Meisingseth.

– Trenden ved å investere i grøne fond har forsterka seg i Noreg det siste året, og debatten har endra seg meir mot kva som er finansielt relevant, og ikkje berre etisk.

DnB

Dag Arne Kristiansen er direktør for samfunnsansvar i DnB Nor, og merkar ei stor auke i grøne fondsinvesteringar.

Foto: NRK

– Mogleg å spare, og samstundes bidra godt

Også i DNB har dei lagt merke til at stadig fleire oppdagar dei finansielle fordelane med å investere grønt.

– Me trur det ligg moglegheiter i den grøne økonomien, og at det er mogleg å spare, samstundes som ein bidreg godt, seier direktør for samfunnsansvar i DnB Nor, Dag Arne Kristensen.

Nyleg har både oljefondet trekt seg ut av selskap som bidreg til store klimagassutslepp, hovudsakleg av økonomiske grunner og ikkje først og fremst etikk. Og i november kasta pensjonsfondet KLP fleire kolselskap ut av sin portefølje.

AKTUELT NÅ