NRK Meny
Normal

– Forstår ikkje kvifor den vesle guten måtte dø

Den thailandske familien til Pimsiri Songngam (37) og sonen Petchngam (12) er i sorg etter at dei blei varsla om drapet, fortel eit familiemedlem. I Kirkenes er ektemannen hennar sikta for dobbeltdrap.

 Pimsiri Songngam og hennes sønn Petchngam

DREPT: Pimsiri Songngam var død då ambulansen kom til åstaden, medan sonen Petchngam døde seinare på sjukehus. Politiet har sikta ein mann, deira ektemann og stefar, for drap. Biletet er frå 2014.

Foto: Privat

Mandag føremiddag norsk tid blei fleire familiemedlem i Thailand gjort kjent med at Pimsiri Songngam er drepen. Dei blei varsla først av vener i Nord-Norge.

– Det er så vanskeleg å forstå. Kvifor måtte dei dø? Kvifor måtte den vesle guten dø? seier ein nær slektning av Songngam til NRK.

Slektningen seier fleire i familien vurderer å reise til Norge, men at dei er usikre på kva som vil skje og kva rettigheiter dei har. Den thailandske ambassaden har no representantar i Kirkenes, som skal hjelpe politiet.

Konsul Ohm Chusripitak vil følge saken frå staden og følge etterforskinga, medan den thailanske ambassaden vil gi juridisk hjelp til dei pårørande i Thailand. Tysdag stadfesta dei at alle pårørande er kontakta.

Politiet i Kirkenes har ein teori om at ektemannen har skutt mor og barn, for så å skade seg sjølv. Den sikta vart frakta til sjukehus med store skader, og er no frakta til Oslo universitetssykehus på Ullevål for behandling.

Pimsiri (37) og Petchngam (12) ble drept i sitt eget hjem

Gift i Norge

I januar 2013 meldte Songngam og sonen flytting til Finnmark, frå Bangkok i Thailand. Dei budde saman med den sikta, og paret gifta seg i april same år.

Pimsiri, kalla «Pim» av vener og familie, hadde to jobbar. Det siste året arbeidde ho på Shell bensinstasjon. Ho har og vore tilsett på barneskulen i Kirkenes, der sonen var elev.

I forrige veke hadde Pimsiri bestemt seg, ho ville ut av forholdet og oppsøkte politiet for å høyre korleis ho skulle organisere det med sonen sin. Etter tre år med lovleg opphald i Norge, har ein rett på permanent opphaldsløyve. Statusen for sonen Petchngam har vore uklar.

– Ho var i kontakt med politiet sist fredag, seier Ellen Katrine Hætta, politimester i Finnmark.

Der skal ho ha forklara at ho ønska seg ut av forholdet. På spørsmål om ho var utsatt for vald, har ho i følge politiet svara nei. Likevel har kvinna oppsøkt krisesenter.

Nora-senteret i Kirkenes stadfestar at Songngam var i kontakt med dei. Fleire vener av familien hevdar at kvinna hadde avtale om ein plass på krisesenteret og skulle flytte inn der mandag.

Kripos i Kirkenes

KRIPOS: Krimteknikarar er i bustaden for å gjere åstadsundersøking. Politiet har funnet eit skytevåpen dei meiner truleg er drapsvåpenet.

Foto: Allan Klo / NRK

Politiet sin teori er at samlivsbrotet var bakgrunnen for dobbeltdrapet. Det har kome fram at kvinna skal ha kontakta politiet om husbråk, men dette er noko politiet etterforsker.

Kripos er inne i bustaden tysdag morgon for å hjelpe politiet med å undersøke åstaden.

– Han smilte alltid

Måndag blei det holdt minnestund for 12-åringen på Kirkenes skole, som flagga på halv stang. Elevane har skrive minnebok og lytta til musikken han likte best.

– Det beste minnet mitt om han var at han alltid smilte. Han likte å spele fotball, kort og «boksen går». Det var aldri noko negativt med han, han gjorde aldri noko galt, sier Julianne Koberg (12), ei venninne av Petchngam.

– Eg skulle ønske det fantes ein tidsmaskin, eg hadde bedt han om å vere forsiktig, sier ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger