NRK Meny
Normal

– Først då eg høyrde historiene frå Utøya, forstod eg kva som hadde skjedd

I hui og hast reiste biskop Ole Christian Kvarme heim frå utlandet då terroren råka Noreg for fire år sidan. – 22. juli er dagen vi ikkje gløymer, sa han i dag.

Ole Christian Kvarme

– 22. juli er dagen vi ikkje gløymer, sa biskopen i Oslo Ole Christian Kvarme.

Foto: NRK

– Eg møtte blomsterhavet utanfor domkyrkja, og alle dei tente lysa. Eg kom inn i kyrkjerommet som var fullt av menneske og tente lys, sa biskop Kvarme før minnegudstenesta onsdag.

Han var i utlandet då terroren råka Noreg for fire år sidan.

– Det å snakke med menneska som var der, gjorde veldig sterkt inntrykk. Då byrja vi å skjøne kva som hadde skjedd, sa Kvarme til NRK utanfor Oslo domkyrkje.

22. juli er dagen vi aldri gløymer

Kvarme heldt ein preike i gudstenesta i Oslo domkyrkje i dag, som ein del av det nasjonale programmet for markeringa av 22. juli.

Tema for gudstenesta var fredstankar, framtid og håp.

– 22. juli er dagen vi ikkje gløymer. 9 april og 8 mai er også slike merkedagar, og 22. juli føyer seg inn i rekka. Vi gløymer ikkje våre tap. Samtidig viser dei oss viktige verdiar for vegen vidare, for rettferd, for fridom og fred, sa Kvarme inne i Oslo domkyrkje.

Mette Marit og Ole Christian Kvarme

Kronprinsesse Mette-Marit helsar på biskop Ole Christian Kvarme før minnegudstenesten i Oslo domkyrkje onsdag, fire år etter terroråtaka 22. juli 2011.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– I ei vanskeleg tid stod dykk saman

Leiar i KrF, Knut Arild Hareide siterte dåverande leiar i Arbeidarpartiet, Jens Stoltenberg, i sin tale i gudstenesta.

– To dagar etter åtaket stod Stoltenberg akkurat her i domkyrkja. Han sa: «midt i alt det tragiske, er eg stolt av å bu i eit land som står oppreist i ei kritisk tid». Han hadde rett. Vi stod saman, og hatet vart svara med kjærleik til kvarandre, sa Hareide.

KrF-leiaren takka også Arbeidarpartiet for at dei ikkje lét seg knekke, og han takka AUF for måten tragedien vart handtert på.

– Medan heile verdas søkelys var retta mot dykk, stod de oppreist, sa Hareide.

Han avslutta med å seie at i månadene etter tragedien vart vi bedne om å ta ekstra vare på dei råka og pårørande.

– Det gjeld framleis i dag. Sorga har inga datostempling, sa Hareide.

Hussaini og Pedersen

Leiar i KrF, Knut Arild Hareide, rosa AUF for måten dei handterte terroren på. Her helsar leiar i AUF Mani Hussaini, på tidlegare leiar i AUF Eskil Pedersen under minnegudstjenesten i Oslo domkyrkje onsdag.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger