Hopp til innhold

– Førarkort? Gløym det!

Trafikkstasjonar over heile landet blir tekne ut i streik onsdag dersom ikkje forhandlingane går gjennom i løpet av pinsehelga. Dette kan bety at Julie Haakenstad ikkje får tatt lappen før om eitt år.

19 år gamle Julie Haakenstad frå Oslo har brukt mange månader og fleirfaldige tusen på å ta sertifikat på bil.

Ein nøye planlagt dato

Som vidaregåandeelev med tre deltidsjobbar på forskjellige stader rundt omkring i Oslo, har det å sette av tid til oppkøyring vore ei utfordring for Julie.

Og behovet for å ha sertifikat er stort.

Den einaste dagen som passa mellom arbeidsvaktene og det planlagde utanlandsstudiet til hausten, var onsdag 30. mai.

LES: Tannlegestudenter kan miste eksamen

Men i dag varsla fagforbundet YS at heile 41 personar på trafikkstasjonar i Oslo kan bli tenke ut i streik, nettopp på datoen onsdag 30. mai.

«Oppkøyring? Gløym det!» heiter det i ei pressemelding frå YS.

– Dette var veldig, veldig dumt. Det kunne ikkje ha passa dårlegare. Eg har berre tid til å ta oppkøyringa akkurat denne dagen, seier Julie som nettopp har funne ut at ho kan bli råka av streiken.

118 på trafikkstasjonane i streik

Leder Pål N. Arnesen i YS Stat

TOLMOD: Arnesen sitt råd til elevar som ikkje får ta førarprøva onsdag, er å smørje seg med tolmod.

Foto: Johan B. Sættem

– Vi ønskjer primært å råke staten som arbeidsgjevar, men kan ikkje unngå at tredjepart også blir råka, seier leiar i YS Stat, Pål N. Arnesen.

Trafikkstasjonar over heile landet vert råka i det andre uttaket som startar onsdag. Dermed vil det mange stader ikkje bli mogleg å få gjennomført førarprøva.

LES: Unio trapper opp streiken

– Eg har satsa alt på å køyre opp på onsdag, og visste ikkje eingong at dette kunne skje, held ho fram.

Har allereie utsett oppkjøringa

Julie skulle eigentleg køyre opp for ein månad sidan, men utsette det.

– Eg var veldig stressa på grunn av russetida og all jobbinga, så eg fekk litt hetta og utsette oppkøyringa ein månad. Dette er siste sjanse, seier ho.

LES: – Ikke stå i passkø hvis du ikke må

På spørsmål om ho kanskje ikkje er litt letta over at ho får utsett oppkøyringa ein gong til, svarar ho nei.

– Nei, dette er ikkje det same som sist. No reiser eg vekk og får ikkje øvd meg, så dette er i grunnen krise, seier Julie.

Julie reiser til Ungarn i juli for å starte eit fem år langt studium i tannmedisin.

Dersom trafikkstasjonane blir tekne ut i streik onsdag, får ho ikkje sjanse til å ta sertifikatet før sommaren 2013.

– Eg får starte å følgje med på forhandlingane og sjå korleis det går, seier ho.

Arne Riber

FORSTÅR: Køyrelærar Arne Riber forstår kvifor dei streikar, men tykkjer det er kjedeleg for elevane som vert råka.

Foto: Oslo Team Trafikkskole

LES: Varsler kaos i flytrafikken

LES: – Greske lærere og spanske sykepleiere ville forstått våre krav

I andreuttaket til streiken er mellom anna 61 personar i Vegdirektoratet, og til saman 118 på trafikkstasjonar over heile landet.

Mellom anna 41 på stasjonar i Oslo, 31 i Bergen og 13 i Tromsø.

Arnesen seier til NRK.no at det ikkje nødvendigvis blir heilt umogleg å få køyrt opp.

– Det blir sjølvsagt veldig, veldig vanskeleg, men ikkje umogleg, seier Arnesen.

– Mitt råd til dei som etter planen skal køyre opp onsdag er å smørje seg med tolmod, og eventuelt prøve å oppsøke andre stasjonar dersom deira stasjon blir råka, seier han.

– Allereie pinleg lang ventetid

Arne Jakob Riber er køyrelæraren til Julie på Oslo Team Trafikkskole. Han seier har forståing for streiken, men syns det er kjedeleg for dei elevane som må utsette oppkjøringa.

LES: Streiken råkar barnehagane

– Det er ganske ille, for det er allereie ei pinleg lang ventetid på å få køyre opp ved trafikkstasjonane, seier Riber.

– Eg har sjølvsagt forståing for kvifor dei streikar, men det er veldig synd for elevane som må vente ekstra lenge på å få fullført førarprøva, noko som kan verte dyrt dersom dei må ta ekstra køyretimar for å halde det ved like, held Riber fram.

AKTUELT NÅ