– For fleire har feiltolkinga betydd økonomisk ruin

Advokat og ekspert på trygderett Olav Lægreid reknar med at mange som har vore ramma av Nav si feiltolking av lovverket, har gått på ein økonomisk smell. For ein del er det snakk om økonomisk ruin, meiner han.

Advokat Olav Lægreid.

Advokat og spesialist på trygderett, Olav Lægreid, meiner saka truleg har betydd økonomisk ruin for menneske som er feilaktig dømde for trygdesvindel.

Foto: NRK

Lægreid reagerer sterkt på at den norske påtalemakta ikkje har gjort eit eige arbeid for å undersøkje om den underliggjande juridiske problemstillinga er korrekt formulert av Nav, og at grunnlaget for å dømme menneske til straff er skikkeleg greidd ut.

– Fleire instansar har vore involverte i denne typen saker, og ingen av dei har avslørt feilen. Det er alvorleg, seier Olav Lægreid til NRK. Han meiner det har vore kritiske røyster til korleis lovverket har vore tolka.

– Alvorlege konsekvensar

Nav-sjef Sigrun Vågeng.

Nav-sjef Sigrun Vågeng ber alle som meiner dei er utsette for feilbehandling om å ta kontakt.

Foto: NRK

Advokaten meiner det er vanskeleg å sjå omfanget av desse sakene no, men han er sikker på at det er langt fleire saker enn det som har kome fram hittil.

– Det er alvorlege konsekvensar for dei dette gjeld. Vi veit at 36 menneske er dømde til straff urettmessig, og det er alvorleg. Talet på saker der Nav krev tilbakebetaling frå klientar er nok ganske mykje større. Det er heilt sikkert fleire tusen personar, seier han.

Lægreid meiner det er viktig at dei som meiner dei har betalt tilbake pengar dei har fått frå Nav, bør ta kontakt med ein advokat som kan dette fagfeltet.

Dette er trygdeskandalen

Trygdemottakarar feilaktig dømde etter feil tolking av regelverket

– Ta kontakt med Nav

Nav-sjef Sigrun Vågeng oppmodar alle som meiner dei er utsette for feilbehandling, om å ta kontakt med dei. Ho lovar ein grundig gjennomgang av alle sakene.

Det var i 2017 at Nav fekk beskjed frå Trygderetten om at dei måtte sjå på tolkinga av EØS-lovverket på nytt. Etaten sette i verk ei omfattande utgreiing av lovverket, og konklusjonen på denne utgreiinga var at dei hadde tolka regelverket feil.

Inntil då hadde Nav tolka det slik at den norske lova ikkje var i strid med EØS-avtalen, og at dei derfor hadde grunnlag for å krevje at dei som fekk pengestøtte frå Nav, både sjukepengar og arbeidsavklaringspengar, måtte opphalde seg i Noreg.

– I strid med lova

Den nye tolkinga av lovverket viser at det var i strid med lova å nekte pengestøtte til menneske som oppheldt seg i EØS- eller EU-land. Dette gjeld både for korttidsopphald og for meir langvarige opphald i andre land.

Sigrun Vågeng presiserer at Nav ikkje har meldt noko til politiet for korte opphald i utlandet, alle straffesakene gjeld saker med opphald over lenger tid.

Lagdommar Nina Strømstad.

Lagdommar Ina Strømstad seier dagen i dag har vore tung for norske domstolar.

Foto: NRK

– Vi jobbar med å kartleggje kven som er ramma, og dette kjem til å ta tid. Vi har oversikt over kven som kan ha fått tilbakebetalingskrav på feil grunnlag. Vi har sett saman nokre av dei beste juristane, saksbehandlarane, rettleiarar og leiarar i ei gruppe som har som jobb å rette opp i denne saka, seier ho.

– Tung dag for domstolane

Lagdommar Ina Strømstad fortel at dagen i dag har vore tung for dei som jobbar ved domstolane, og at dei no må gå tungt ned i jussen for å hindre at slike ting skal skje igjen.

– For oss dommarar er det å felle ein feil dom noko av det verste vi kan gjere. Dette har ikkje vore ein god dag for domstolen, denne saka har prega oss, seier ho til NRK.

Ina Strømstad viser til at korkje aktorat eller forsvararsida har funne grunn til å stille spørsmål ved Nav si tolking av lovverket i denne saka.

– Grenselaust urettferdig

Statsminister Erna Solberg (H) kallar det som no er avdekt for grenselaust urettferdig og vondt.

– Dette burde ikkje skje i Noreg, og derfor skal vi også gå grundig gjennom kvifor det har skjedd, seier ho til - Dette er grenseløst urettferdig og vondt .

Ho seier at regelverket var rett før 2012, men at det nye regelverket vart implementert feil.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger