NRK Meny
Normal

– Fleire kunne hatt godt av å låna vekk litt

Firebarnsmora Lise Lund har sjølv opplevd å måtte snu på krona. No hjelper ho andre familiar med trong økonomi til gratis ferie via Facebook, og etterlyser fleire bidragsytarar.

Lise Lund

Firebarnsmora Lise Lund oppretta i fjor sommar Facebook-gruppa «Gratis lån av feriested til barnefamilier». – Eg veit korleis det er å vera nede i ein bølgedal og ha det trongt økonomisk. Det er ingenting å skamma seg over, seier Lund.

Foto: Skjermdump / Privat

– Eg valde å engasjera meg for å kunne bidra til at familiar får oppleva fine ting saman og dela gode ferieminne. Det er viktig, seier Lise Lund.

Kvinna frå Kongsberg jobbar til dagleg med design og sal av smykke. I fjor sommar oppretta ho Facebook-gruppa «Gratis lån av feriested til barnefamilier», etter å ha oppdaga at det mangla ein møteplass for folk som har behov for hjelp til gratis ferie, og folk som er villige til å hjelpa.

Ho er overvelda over responsen.

– Folk som har hytte, leilegheit og faktisk også hyblar, tek dagleg kontakt, opplyser Lund

Gav vekk sydentur

Bidraga som kjem på Facebook-sida er varierte.

På oppfordring frå kona si, som heller ville gje enn å få på bursdagen sin, spanderte ein mann sydentur på ein familie med dårleg råd. Studentar i Telemark har lånt vekk hybelen sin til barnefamiliar som ved å bu gratis fekk råd til ein tur til Bø Sommarland. Ein familie som aldri hadde overnatta på hotell før fekk gratis overnatting i suite på spahotell.

– Er ikkje det supert? ler Kongsberg-kvinna, som sjølv er mor til fire og har levd gjennom ein periode med dårleg økonomi i kjølvatnet av ei skilsmisse.

– Eg veit korleis det er å vera nede i ein bølgedal og ha det trongt økonomisk. Det er ingenting å skamma seg over, seier Lund.

Etter en Facebookaksjon er det nå flere hytteierer på Sørlandet som låner bort fritidsboligen til fattige barnefamilier. Rune Osmundsen i Froland er en av dem.

Rune Osmundsen har lånt vekk hytta si på Sørlandet gratis til to barnefamiliar i sommar. Han fekk over 70 førespurnader då han la ut meldinga om gratis hyttelån på Facebook.

Fleire fattige familiar enn gratis feriar

Men sjølv om mange av oss er rause, står ikkje tilbodet til etterspurnaden, stadfestar Unicef, som driftar #feriesentralen, eit prosjekt med formidling av gratis ferie.

Så langt har prosjektet formidla gratis ferie til over 100 familiar, men enda er det lenge til skulestart og mange som ikkje har råd til å ta borna sine med på ferie.

Laster Twitter-innhold

NRK skreiv til dømes nyleg om Rune Osmundsen, som fekk over 70 førespurnader då han nyleg la ut ei Facebook-melding om gratis utlån av hytta si i Froland i Aust-Agder.

– Eg synest det er fint å kunne hjelpa. Sjølv var me i Rhodos i Hellas då eg posta den statusen på Facebook. Det er stor kontrast på at nokon kan sitja i sommarparadiset og kosa seg medan andre ikkje har høve til å gje borna sine ein sommarferie, seier Osmundsen.

Lise Lund har sjølv lånt vekk hyttene sine på Risør og på Hafjell fleire gonger, og har berre gode erfaringar med det. No oppfordrar ho fleire til å vera kreative og låna vekk det dei måtte ha av hytter, hus, campingvogner, telt eller anna.

– Det er faktisk mykje lettare å gje enn å ta imot. Eg trur fleire kunne hatt godt av å låna vekk litt, seier Lund.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger