NRK Meny
Normal

Fagforeining: – Flau over Noreg som nasjon

Fiskeindustrien er avhengig av utanlandske arbeidarar i sesongen. – Mange blir utnytta. Nokre blir trua til å halde stilt, seier fagforeininga.

Hans Johan Dahl

Mange frustrerte arbeidarar kjem til forbundet, seier Hans Johan Dahl i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund. – Eg trur dei er livredde for konsekvensar. Dei føler at dersom dette kjem utleigar for øyret vil dei slå handa av dei.

Foto: NRK

Det er vinterfiskesesong. Tusenvis av kilo med fisk kjem til land. På denne tida er fleire tusen utanlandske arbeidarar i Norge for å jobbe.

– Lønnsnivået ligg truleg på rundt 135 kroner. Vi sit også på lønnsslippar som viser at dei tener 91 kroner, seier Hans Johan Dahl, forbundssekretær i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund, til NRK.

To rumenske arbeidarar i fiskeindustrien

Adrian Virgil Duda (t.v.) og Stoichescu Bogdan frå Romania har jobba i norsk fiskeindustri. Først då fagforeininga tok opp saka, fekk dei lønna dei hadde krav på.

Foto: Privat

Han fortel at dei ofte får betalt langt mindre enn norske arbeidarar. Og om arbeidarar som må betale to til tre tusen kroner for å leige senger.

– Det er heilt urimeleg. Dei blir stua inn på det ein gjerne kan kalle brakker. Dei bur fleire på kvart rom. Dei betaler per seng.

– Dessverre høyrer det ikkje til unntaka at dei blir dårleg behandla, seier Dahl.

NRK har sett timeløn ned i 90 kroner i timen i fiskeindustrien.

– Blir trua

Mange frustrerte arbeidarar kjem til forbundet, samtidig som dei er livredde for å miste jobben og bli sende heim. For mange er alternativet å gå i heimlandet utan inntekt.

– Eg trur dei er livredde for konsekvensar. Dei føler at dersom dette kjem utleigar for øyret vil dei slå handa av dei.

Dahl kjenner også til at utanlandske arbeidarar har blitt trua.

– Nokre får beskjed om at dersom dei snakkar kjem dei aldri til å få jobb i bedrifta igjen. Eller i norsk industri.

– Fritt spelerom

– Useriøse aktørar i fiskeriindustrien har relativt fritt spelerom til å utnytte utanlandsk arbeidskraft, seier FAFO- forskar Kristin Alsos.

Ho har forska på sosial dumping.

Ho fortel at utfordringane gjerne er at arbeidarane ofte har språkproblem og vanskeleg for å setje seg inn i regelverket.

FAFO-forsker Kristin Alsos

– Useriøse aktørar i fiskeriindustrien har relativt fritt spelerom til å utnytte utanlandsk arbeidskraft, seier FAFO- forskar Kristin Alsos.

Foto: FAFO

– Det gjer at dei lett kan akseptere vilkår som norske arbeidstakarar ikkje ville ha akseptert. Det vi kan seie er at det er faktorar som er til stades som gjer at det er stor risiko for ein del useriøse aktørar som har relativt fritt spelerom. Det er låg organisasjonsgrad. Det er ikkje tillitsvalde. Det er språkproblem.

Korleis er det i fiskebransjen samanlikna med andre bransjar?

– Utfordringa med fiskeindustrien er at organisasjonsgraden er så lav at få er ute og kontrollerer. Viss du samanliknar med byggebransjen så er det få tillitsvalde ute. Der har også Arbeidstilsynet fleire verkemiddel.

– Har sett 40–50 kroner timen

Omfanget er vanskeleg å slå fast. Alsos fortel at mange jobbar for løn som er lågare enn nordmenn ville ha jobba på. Og at dei ofte jobbar meir enn det norske tilsette gjer.

– Vi ser at ein del av dei useriøse aktørane kanskje ikkje betalar overtid, sjølv om dei har krav på det.

– Kva er det grovaste du har sett?

– Eg har sett tilbod om løn ned i 40–50 kr i timen.

– Må ta omsyn til reglane

Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining, seier at bemanningsbyrå må ta omsyn til dei reglane som er i Noreg, både når det gjeld arbeidstid og minsteløn.

Geir Ove Ystmark

Geir Ove Ystmark, administrerande direktør i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining, seier at bemanningsbyrå må ta omsyn til dei reglane som er i Noreg, både når det gjeld arbeidstid og minsteløn.

Foto: FHL

– Så våre medlemmar er sikre på at dei kjøper tenester frå byrå som er i tråd med reglane.

– Er det ditt inntrykk at byråa gjer det?

Eg trur nok at det vil vere variasjonar på det. Mitt inntrykk er at mange bemanningsbyrå held seg til norske reglar, men så finst det heilt sikkert nokre som bryt dei.

Han meiner det må takast eit oppgjer med dei.

– For våre bedrifter må det vere å sikre at bemanningsbyrå følgjer reglane, og ikkje bruke dei som bryt reglane. Det vil gjere at dei mistar sitt marknad.

Han vil ha ein generell debatt i Noreg på arbeidstidsbestemmingar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger