KrF-ar Ingunn Karijord nektar å la seg presse: Skal røyste blankt på landsmøtet

Ingunn Karijord reiser til det ekstraordinære landsmøtet i Kristeleg Folkeparti 2. november for å røyste blankt. Ho meiner det kan vere eit demokratisk problem om delegatar blir pressa til å ta eit sekundærstandpunkt.

Ingunn Karijord (KrF)

Ingunn Karijord, organisatorisk nestleiar i Møre og Romsdal KrF, meiner det er feil om delegatar kjenner seg pressa til å ta eit sekundærstandpunkt.

Foto: Privat

Karijord er organisatorisk nestleiar i KrF i Møre og Romsdal. Fylkespartiet skal sende 12 delegatar til landsmøtet.

Av desse vil fire røyste for å gå i regjeringssamarbeid med Erna Solberg (H) si regjering, medan fire vil røyste for eit samarbeid med Arbeidarpartiet.

Så er det fire delegatar som i utgangspunktet vil at partiet skal halde fram i opposisjon, men tre av desse har eit andreval, to vil til høgre og ein til venstre.

Den fjerde er Ingunn Karijord, og ho vil stå fast på at partiet skal halde fram som før, og reise som ein såkalla gul representant.

– Demokratisk problem

Ho meiner det er eit problem at så mange som i utgangspunktet ynskjer at partiet skal halde fram i opposisjon, kjenner seg pressa inn i eit sekundærsyn.

– Etter mi meining er ikkje dette heilt demokratisk, seier ho.

– Det er ikkje så mange månader til neste ordinære landsmøte, og eg meiner vi burde vente med å ta opp regjeringsspørsmålet til då. Då har vi sjansen til å ha ein grundig prosess før vi tek ei avgjerd. No er eg redd for at det kan bli teke ei avgjerd på det ekstraordinære landsmøtet som skadar partiet, seier Karijord til NRK.

Ho kjenner seg trygg på at alle som deltok på møtet i går vil berre det beste for partiet, men er likevel redd for at vedtaket som blir gjort på det ekstraordinære landsmøtet neste helg, kan vise seg å vere forhasta.

Krf-leder Knut Arild Hareide tror det blir et jevnt retningsvalg for KrF.

VIDEO: KrF-leiar Knut Arild Hareide trur det blir jamt.

– Heilt uaktuelt

– For meg er det heilt uaktuelt å gå i eit regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet, men det er like uaktuelt å gå i regjering med Framstegspartiet. Så då er å halde fram i opposisjon inntil vidare det einaste standpunktet eg kan støtte, seier Ingunn Karijord.

Kjell Ingolf Ropstad har truleg fleirtalet i ryggen under årsmøtet i Hordaland KrF i dag

Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad ynskjer vil at KrF skal gå inn i den sitjande regjeringa.

Foto: Bergit S. Svendseid / NRK

Karijord trur ikkje ho blir ståande på vippen på landsmøtet, men ho vil jobbe aktivt for standpunktet sitt.

– Eg reknar med at mange vil prøve å påverke meg, men eg kan også påverke andre til å stå på standpunktet om at vi inntil vidare bør halde fram i opposisjon, avsluttar ho.

Så splittet er KrFs landsmøtesal

– Må forlate salen om ho ikkje får stemme blankt

Ordførar i Giske kommune, Harry Valderhaug (KrF), ynskjer sjølv å stå utanfor regjering, men vel Erna om han må.

Han meiner Karijord har eit veldig tydeleg mandat til å representere ei gruppe som ikkje vil i regjering på landsmøtet.

– Dersom ho ikkje får stemme blankt, må ho forlate salen.

– Men alle delegatar har høve til å endre meining og side. Det kan jo skje ein situasjon fram til fredag som endrar spelet. Resultatet er ikkje hogd i stein. Slik er eit ekte demokrati. Det er sunt, seier Valderhaug.

Knut Gjengedal i Volda KrF vart skuffa over at det ikkje var fleire blå delegatar i Møre og Romsdal.

– Men eg respekterer Karijord sitt standpunkt.

– Eg har vanskeleg for å tru at dei gule har nokon sjanse til å vinne fram på landsmøtet, fordi leiarane er einige om ein ting: KrF må ut av ørkenvandringa, seier Gjengedal til NRK.

Erna Solberg og Harry Valderhaug

KrF-ordførar Harry Valderhaug vel Erna Solberg si regjering viss han må velja side.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Framleis uvisst

Det er framleis uvisst om partileiar Knut Arild Hareide vil få med seg fleirtalet på landsmøtet 2. november til å gå i regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet.

Knut Arild Hareide

Partileiar Knut Arild Hareide vil at KrF skal gå i regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet.

Foto: Christine Præsttun / NRK

Slik det ser ut søndag ettermiddag kan det vippe begge vegar.

– Det vil vere mogleg å stemme blankt, stadfestar Hareide overfor NRK.

Men KrF-leiaren trur støtta til dei som ynskjer gå i opposisjon er liten.

– Det er fleire kandidatar som er usikre på kva dei skal stemme. Dei som er valde av fylkesårsmøtet vil vel føle seg forplikta til å følgje opp det mandatet dei er valde inn på, men eg trur reelt sett at vi ikkje har kontroll før 2. november, seier Hareide.

Hareide har gjort det klart at han ikkje kjem til å bruke dobbeltstemma si om landsmøtet skulle vere delt på midten.

Om det blir fleirtal for å søkje regjeringssamarbeid med den sitjande regjeringa, er det venta at Hareide kan trekkje seg som partileiar.

SISTE NYTT

Siste meldinger