Hopp til innhold

– Svensk 2022-søknad ville gitt ja i Noreg

– Eg hadde håpt at svenskane skulle søkje OL i 2022. Då hadde det blitt stort ja-fleirtal i Noreg, seier Oslo-ordførar Fabian Stang (H).

Ordførar i Oslo, Fabian Stang.

Fabian Stang hadde gjerne sett at Sverige søkte OL i 2022, for¨då trur han det ville bllitt fleirtal for ein norsk søknad.

Foto: NRK

Han trur ein kamp mellom Noreg og Sverige om OL i 2022 ville ha gitt solid støtte til ein norsk søknad. Konkurransen med svenskane ville skapt engasjement, meiner han.

Litt spøkefullt seier Fabian Stang at det er litt feigt dersom Sverige no søkjer i 2026. Leiaren for den olympiske komiteen i Sverige, Stefan Lindeberg, sa i eit intervju med Sveriges Radio i dag tidleg at det er aktuelt å søkje om OL i 2026 .

– Det blir litt som å hoppe etter Wirkola, når Wirkola for ein gong skuld landar på kulen, seier han til NRK. Han trur det vil engasjere nordmenn sterkt dersom svenskane engasjerer seg i noko vi har gjort her i landet.

– Ynskjer dei lukke til

– Det ville overraske meg om dei skulle klare det, men skulle dei prøve så ynskjer eg dei lukke til, legg Oslo-ordføraren til med eit smil.

På spørsmål om det i realiteten var Erna Solberg som ikkje ville ha OL-saka på sitt bord, svarar Fabian Stang eit klart nei. Det var det norske folk som ikkje ville ha OL.

– Det var det norske folk som ikkje hadde entusiasmen som skal til for at det skulle få til eit OL. Når denne entusiasmen ikkje er der, så er det like greitt at søknaden vart droppa, seier Stang.

– Vanvettige krav

Harald Nesvik

Parlamentarisk leiar i Framstegspartiet, Harald T. Nesvik, ynskjer svenskane lukke til med ein eventuell OL-søknad.

Foto: Trond Vestre

– Dersom Sverige vil søkje om å arrangere OL, så synest eg at vi skal ynskje dei lukke til, seier parlamentarisk leiar i Framstegspartiet, Harald T. Nesvik.

Nesvik har vore ein profilert motstandar av norsk søknad til OL i 2022. Han håpar at det som har skjedd i Noreg vil føre vil at IOC vil leggje fram meir menneskelege og fornuftige krav til arrangørane i framtida, og at svenskane eventuelt greier å arrangere eit OL til langt lågare kostnad enn det verkar som vi ville fått til her i landet

– Krava frå IOC var heilt vanvettige, sånn som eigne filer å køyre på for IOC-toppane. Håper er at alle OL i framtida blir meir prega av fornuftige krav. seier han til NRK.

– Spele på vår kunnskap

Nesvik viser til at Sverige aldri tidlegare har arrangert eit vinter-OL, og at det såleis blir ei heilt ny sak for nabolandet. Han håper at dei kan spele litt på kunnskapen frå OL-arrangementa i Oslo i 1952 og på Lillehammer i 1994.

Han synest også det er viktig at svenskane ikkje blandar saman idrett og politikk, som at idrettstoppane skuvar idrettsfolk framfor seg, slik han meiner det er gjort her i landet.

– Sjølv om eg har vore ein motstandar av ein ny norsk OL-søknad, så er eg ein varm tilhengjar både OL og idrett generelt. Og eg kjem til å sitje klistra til skjermen under sendingane, seier Harald T. Nesvik.

AKTUELT NÅ