NRK Meny
Normal

– Erna jublar nok ikkje før 90 prosent av stemmene er talt opp

Erna Solberg har enda ikkje vist seg på Høgre si valvake. Ektemannen hennar Sindre Finnes seier statsministeren truleg ikkje vil juble av resultatet før 90 prosent er talt opp.

Stortingsvalget 2017 SIndre Finnes

AVVENTAR: Sindre Finnes reknar med at Høgre-leiar Erna Solberg ikkje vil juble for siger før 90 prosent av stemmene er talt opp.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Erna er nok avventande, ho vil nok sjå fleire tal før ho gjer noko som helst, seier Solberg sin ektemann Sindre Finnes til NRK under Høgre si valvake. Kjenner han Solberg rett vil ho nok ikkje juble for noko seier før nærmare 90 prosent av stemmene er talt opp.

– Slapp du jubelen?

– Nei, eg er også avventande, seier Finnes.

Tidlegare har Erna Solberg og ektemannen avtalt at Solberg skulle få halde på med politikk og sjå kor langt ho kunne kome.

– No vert det truleg fire nye år, kva tenkjer du om det?

– Det har vi rekna med, og trua har blitt større i løpet av valkampen.

Finnes fortel at han syns valkamp er moro, men at det også er utfordrande å vere gift med ein statsminister og heiltidspolitikar som driv valkamp.

– Ektefellen din er jo mykje borte og ein må tilpasse livet sitt etter det. Det er ikkje alltid like moro, det trur eg alle som er gift med ein heiltidspolitikar kan skrive under på, seier han.

– No ser det jo ut til at Solberg får halde fram som statsminister, kva betyr det for deg?

– Det vert nok framleis mykje hardt arbeid frå hennar side. Erna har mange oppdrag både internasjonalt og her heime. Under valkampen har eg gjort det eg kunne for å gje ho moglegheiter til å gjere mest mogleg av det Erna liker å gjere og minst mogleg av det som ikkje er så gøy, seier Finnes.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger