Hopp til innhold

– Er ikkje tilfreds med Krekar-løysinga

Leiar i Framstegspartiet og finansminister Siv Jensen vil ikkje unnskylde seg for at ho bryt løftet om å sette mulla Krekar i forvaring når han slepp ut om ei veke.

Frps leder om situasjonen rundt mulla Krekar.

Regjeringa si løysing er å gi mulla Krekar meldeplikt og tvinge han til å busette seg ein stad utanfor Oslo. Krekar vil 25. januar ha sona ferdig ein dom på to år og ti månader i fengsel for truslar mot statsminister Erna Solberg og tre kurdarar.

Meldeplikt og avgrensa buområde

Justisminister Anders Anundsen vil gi mulla Krekar meldeplikt og halde han innanfor eit avgrensa geografisk område. Framstegspartiet sitt løfte om å sende mullaen ut av landet, er utsett på ubestemt tid.

Dette er ei løysing som Frp-leiar Siv Jensen ikkje kan slå seg til ro med.

Siv Jensen snakker om Hoksrud

Siv Jensen vil ikkje unnskylde seg for at dei bryt løfta dei har gitt om mulla Krekar.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Eg er ikkje tilfreds med denne situasjonen, difor held vi på med å finne nye løysingar om kva vi skal gjere. Forvaringsløysinga vi foreslo i 2007 vart nedstemt, legg Jensen til.

Ho seier regjeringa vil halde fram med arbeidet om å skape tryggleik i det norske samfunnet mot menneske som kan utgjere ein fare.

Saka held fram under biletet

Mulla Krekar

Najumuddin Faraj Ahmad, betre kjent som mulla Krekar, må nok finne seg i å flytte ut av hovudstaden.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Kalla dei raudgrøne for makteslause

Krekar fekk utvisingsvedtaket for tolv år sidan, men kan ikkje sendast tilbake til Irak på grunn av ein uavklart politisk situasjon i landet. Han risikerer dødsstraff og tortur i Irak, og Noreg kan ikkje utvise han frå landet før regjeringa har fått garantiar for at dette ikkje skjer.

Då dei raudgrøne var i same situasjon og innførte moglegheita for meldeplikt, kalla Jensen dei for makteslause.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre synest at Siv Jensen bør vere meir audmjuk når det gjek saka om mulla Krekar.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Eg meiner at isolert er ikkje meldeplikt eit godt nok svar. Difor er det viktig at vi kombinerer tre ting; meldeplikt, bestemt bustad og eit avgrensa geografisk område, seier Siv Jensen. Ho synest ikkje dette er det same som ho den gong kalla makteslaust.

– Jensen bør vere meir audmjuk

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre meiner Siv Jensen bør vere meir audmjuk no, når Frp kritiserte dei raudgrøne så kraftig då dei var i opposisjon.

– Eg synest det bra at vi er samde om at denne mannen skal ut så raskt det let seg gjere, men Noreg har ein del ansvar som det kostar å stå ved, seier Støre.

Han meiner at Frp-leiaren bør vere meir audmjuk i denne saka.

– Dette har vore ei symbolsak for Framstegspartiet i ei årrekkje, så denne situasjonen set hamringa på tidlegare regjeringar i ein skarp kontrast, meiner Støre.

AKTUELT NÅ