Hopp til innhold

– Ein pris for offera som valde fred og forsoning, ikkje hat og hemn

SVs Heikki Eidsvold Holmås nominerte president Juan Manuel Santos til Nobels fredspris. I dag meiner han det er offera for borgarkrigen som fortener ekstra heider.

Heiki Holmås

NOMINERTE VINNAREN: SV-politikar Heikki Eidsvoll Holmås nominerte president Santos og offera for borgarkrigen til Nobels fredspris. I dag er han rørt og glad.

Foto: Sørbø, Krister / SCANPIX

– Er det ein ting eg synes er spesielt med fredsprosessen som har pågått i Colombia, så er det den avgjerande rolla offera for borgarkrigen spelte då forhandlingane var på det mest fastlåste.

Heikki Eidsvoll Holmås snakkar om offera som vart ramma av ekstrem vald frå høgresida, og ekstremvald frå FARC-geriljaen.

– Desse offera valde forsoning og fred framfor hat og hevn, og det trur eg var avgjerande for at det faktisk kom til fredsforhandlingar og avtale. Eg synes offera fortener ekstra heider på ein dag som denne.

Nominerte fredsprisvinnaren, no kjem tårene

Akkurat offera var årsaka til at Holmås nominerte Juan Manuel Santos, og han meiner utdelinga i år er heilt i tråd med han skal vere.

– Det er det som gjer at tårene kaller, når offera for den blodige borgarkrigen no blir heidra med Nobels fredspris.

– For som Kaci Kullmann Five sa, denne prisen går til Santos, men må òg bli sett på som ein pris til heile det colombianske folket, og ikkje minst til offera fordi dei vel fredens, og ikkje krigens veg,

– Det er heilt i tråd med testamentet etter Alfred Nobel.

Fredsprisvinnneren Juan Manuel Santos, et porrtett.

– Ein modig politikar

Det er det fleire på Stortinget som er einige i. Marit Nybakk (Ap) som sitt i utanrikskomiteen meiner prisen både er modig og framtidsretta.

Marit Nybakk

– MODIG PRIS: Marit Nybakk (Ap) trur prisen kan gje drahjelp vidare i fredsprosessen i Colombia.

Foto: Emrah Senel / NRK

– Det er ein pris gitt til ein modig politikar som i den lengste og ein av dei mest blodige i Latin-Amerika har greidd å ha mot nok til å ta kontakt med gerilja-rørsla og ført langvarige og seige forhandlingar som har ført til resultat.

– Men folket seier jo nei?

– Ja, derfor er prisen modig. Folkerøystinga ga eit midlertidig tilbakeslag, men derfor er også prisen framtidsretta, for han gir drahjelp til den vidare prosessen, seier Nybakk.

Til tross for at folket sa nei til den framforhandla avtalen, har begge partar sagt at våpenkvila held fram, og at forhandlingane skal i gang igjen.

Trur prisen vil oppmuntre til fred

Politiske ledere kommenterer Nobels fredspris

HYLLER FREDSPRISEN: Politikarane i Vandrehallen på Stortinget er godt fornøgde med at fredsprisen har gått til president Santos.

Fleire av medlema i utanrikskomiteen var i Colombia tidlegare i haust, og møtte president Santos. Politikarane i Vandrehallen i dag trekker fram at dette er ein pris i tråd med Alfred Nobels ånd.

Framstegspartiet Christian Tybring-Gjedde meiner prisen er lite kontroversiell.

– Det er ein pris i Alfred Nobels ånd, nemlig ei oppmuntring til fred. Eg trur dette kan vere eit grep for forsoning mellom FARC og regjeringa i Colombia. Sjølv om folkerøystinga ga eit fleirtal for ikkje å godta fredsavtalen, så trur eg det vil vere ei oppmuntring og sigal til folk om at det no eller aldri at ein får fred.

KrF-leiar Knut Arild Hareide trur det har vore ei vurdering i Nobelkomiteen no etter folkerøystinga:

– Eg trur det var rett at dei sto fast på si avgjerd. Dette kan gi entusiasmen som trengs for å få ein endeleg fredsavtale på plass.

Venstre-leiar Trine Skei Grande satsar òg på det:

– Eg håper jo at prisen ikkje blir sånn som då han gjekk til Oslo-prosessen, der fredsprosessane i etterkant låste seg heilt, men heller at det er eit dytt i rett retning.

Det er SVs Audun Lysbakken samd i.

– Det er ein modig pris for fredsprosessen er ikkje avslutta. Det viktige er at prosessen blir anerkjend, for det vil vere ein oppmuntring til alle partar, slik at vi får slutt på prisen.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) synes det er flott at personar som gjer noko for verdsfreden blir løfta fram.

– Her blir det spennande kva som skjer. Vi må ha respekt for at det er ulike interesser også i Colombia. Men det som har vore interessant etter folkerøystinga er at presidenten, til tross for ein smell, tok kontakt med den andre sida for å finne nye løysingar. Derfor synes eg det er ein god pris.

Traff vinnaren to år på rad

Det er ikkje første gong at Nobelkomiteen har fulgt nominasjonen til Heikki Eidsvoll Holmås. Også i fjor, då Kvartetten for nasjonal dialog fekk fredsprisen, var det Holmås, saman med Arbeidarpartiets Åsmund Aukrust, som sto for nominasjonen.

Akkurat no er Holmås i Washington D.C saman med kollegaer frå Stortinget.

– I dag skal eg feire med å gå på møter og diskutere presidentvalet i USA. Men eg skal vere i Norge og få sjå prisen bli utdelt, så eg er godt fornøgd med det.

AKTUELT NÅ