Hopp til innhold

– Ein mann har klint ned cella si med avføring. Han holdt på i eit døgn

Slag, spytt og innsatte som får ordrer om å drepe frå «djevelen». Norske fengsel opplev ein rask auke i vald og psykisk sjukdom. – Vi har aldri sett maken, seier ansatte.

leter

SØK: Dei ansatte i Ringerike fengsel leitar etter ein tannbørste, på cella til ein av dei innsatte som er rekna som farleg. - Tannbørster kan brukast til å lage våpen, seier Siri Elin Sørlie.

Foto: Inger Kristine Lee

Ei brunsmussete fille flyt i ei blå bøtte inne på cella, alle veggar og dører er vaska ned.

– Ein psykisk ustabil innsatt har klint ned cella si med avføring. Han holdt på i eit døgn før han blei tatt med til sikkerhetscella. Så blei han sendt til psykiatrisk behandling, seier operativ leiar og tillitsvalgt Siri Elin Sørlie i Ringerike fengsel.

Det same skjedde for nokre månader sidan. Då var mannen ute til behandling i fem dagar, før han blei sendt tilbake.

kutt i panna frå rapport

KUTT: Ein ansatt ved Ringerike fengsel fekk kutt i panna etter at ein innsatt gjekk til angrep, ifølge fagforeininga. Biletet er frå ein rapport om vald og trugslar, som NFF sendte for å varsle internt.

Foto: Privat, NFF Ringerike

– Då var han fin og rolig, fordi han hadde fått medisinar. Tilbake i fengselet nekta han å ta medisinane sine, og vi kan ikkje tvangsmedisinere. Derfor skjønte vi kva som kom, seier Sørlie.

Historisk vanskeleg år

Det er fjerde gong dette skjer, fordelt på to innsatte, det siste halve året.

Eit halvår som har vore eit svært ufordrande, ifølge Sørlie. Ho er tillitsvalt for dei ansatte i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund.

I august varsla dei direktoratet om ein auke i vald, trugslar og psykisk sjukdom som skremmer dei.

To ansatte blei slått ned i løpet av sommaren, tilsynelatande utan foranledning. Dei har rapportert 67 tilfeller av vald og trugslar i løpet av fire månader denne sommaren.

nedvask

VASKA NED: Ei celle er vaska ned etter at ein innsatt smurte avføring ut over vegg og dører.

Foto: Inger Kristine Lee

Det gjenspeiler seg mellom anna i bruken av tvangsmiddel, som sikkerhetscella. Den nedstrippa cella med toalett nedfelt i gulvet, blir brukt så lite som mulig.

I eit vanleg år vil det seie 25-30 døgn. I år har dei registrert nær 100 døgn ved utgangen av september.

Leiaren for fengselet, Håkon Melvold, seier fengselet har sett ein stor endring det siste året.

– Det siste året har vi hatt ein konsentrasjon av spesielt krevjande innsatte, som vi ikkje har sett maken til i Ringerike fengsels historie, seier Melvold.

Samtidig syns han det er vanskeleg å seie om det er ei utvikling som vil vare, fordi endringa kom så raskt.

Norsk dokumentarserie. Programleder Helene Sandvig flytter inn i Ullersmo fengsel. I løpet av fem døgn kommer hun tett på innsatte som forteller om livet i fengsel, og hun følger ansattes hverdag med håndheving av regler og rutiner. Gjennom sterke menneskemøter får Helene en ny forståelse av livet bak murene. (4:6)

FENGSEL: - Det er mykje medisiner her? spør programleiar Helene Sandvik. Ho budde i Ullersmo fengsel i serien «Helene sjekker inn».

92 prosent er psykisk sjuke

Det fins to rapportar av nyare dato som undersøker den psykiske helsa til innsatte i norske fengsel.

Etter at Sifer-rapporten vart levert til Justisdepartementet, har innrapporteringa av episodar med vald i norske fengsel skutt i været.

Ringerike fengsel

- HISTORISK: Så mange tilfeller av tung psykiatri, som står bak vald og trugslar, har ikkje fengselet opplevd før seier fengselsleiar Håkon Melvold.

Foto: Runa Victoria Engen

I 2014 var det rapportert om 500 valdsepisodar. I 2015 var talet 800. I år er det registrert 736 tilfeller per 7. oktober. Det er nær ei dobling i forhold til same periode i fjor, då det blei registrert 414 tilfeller av vald og trugslar.

Dei fire sommarmånadane frå mai til august, har Ringerike fengsel rapportert 67 valdsepisodar ifølge NFF. Dei meiner utviklinga går raskt, og at Justisdepartementet må styrke fengsela for å møte utfordringa.

Fengselsleiaren seier driftsbudsjettet har krympa dei siste åra.

– Dei mest utagerande innsatte krev ein type beredskap som kostar utruleg mykje. Det er det ikkje tatt hensyn til i budsjetta. Der er ingen ekstra midler til å handtere denne type innsatte, seier Melvold.

Fekk anfall i fengsel

Porten står åpen i Berg fengsel, og dei innsatte som sonar her syklar forbi på eit stort uteområde.

I åpen soning fins ikkje dei svært krevjande innsatte, for fangar må søke for å bli overført hit.

Ein av dei innsatte sonar ein dom for det han kallar «kvitsnippsforbrytelser». Før han kom hit, var han plassert på eit fengsel med høg sikkerhet. Han har vore gjennom det før, for han har sona fleire dommar. Likevel var det annleis no.

– Det var rusa folk overalt, vold og skikkelig utrygt. Eg gjekk veldig mykje rundt og var redd, seier mannen, som blant dei andre i fengselet blir kalla «Momsen».

– Eg fekk problemer med hjartet, låg og rista i halvanna time. Etter det måtte eg gå med medisinar konstant.

– Kor mykje av det var psykisk?

– Det sat i hovudet. Du går og har ingenting å gjere, ingen å snakke med, og du køyrer hovudet voldsomt. Då var det natt og dag å kome hit, kor du har aktiviteter og noko å gjere på. Eg snakkar med fengselspresten ein gong i veka og eg kan spele fotball, seier «Momsen».

Innsatt

'MOMSEN': - Dei brukar ikkje etternavnet mitt, dei kallar meg berre Momsen, seier ein innsatt på Berg fengsel.

Foto: Runa Victoria Engen

No går han ikkje på medisiner, og han har søkt om å få sone resten av dommen utanfor fengsel, med elektronisk fotlenke eller kontroll.

– Passivitet er ein risiko

Leder

AKTIVITET MOTVERKER: Berg fengsel er eit åpent fengsel med meir tilbod om aktivitet til innsatte. - Det er viktig for helsa, både mentalt og fysisk, seier Tore Merkesvik, leiar for Søndre Vestfold fengsel.

Foto: Runa Victoria Engen

Få av dei straffedømde i Berg fengsel er aggressive eller har tunge psykiske utfordringar, for dei må søke om å bli overført hit. Fengselsleiaren i Søndre Vestfold, Tore Merkesvik, seier dei likevel merkar utviklinga.

– Etter mitt inntrykk, og av det eg får av tilbakemeldingar frå andre avdelingar, har innsatte blitt meir psykisk sjuke i alle ledd av kriminalomsorgen. Også blant dei som skal sone heime eller ta samfunnsstraff, seier Merkesvik.

Årsakane kan være fleire, seier leiaren.

Ifølge rapporten frå Sifer er det og fleire som blir sjukare av fengselsopphaldet, sjølv om det er eit mål at dei innsatte skal få same behandling i fengsel som resten av befolkninga.

– Det helseavdelinga vår har vore tydeleg på, er at det hjelp å ha tilbod til dei innsatte. At dei får tilbod om aktivitet, om samtaler og noko anna å flytte tankane over på, seier Merkesvik.

– Passivitet er ein risiko.

search

FLEIRE 'FARLEGE' INNSATTE: Nokre innsatte ved avdeling A på Ringerike fengsel har eit strengt regime rundt seg. Det krev ekstra ressursar, ifølge avdelingsleiaren.

Foto: Runa Victoria Engen

Han får støtte frå fengselslegen i Ringerike fengsel, John Bekkenes.

– Det å få tilbod om aktivitet i fengsel er viktig. Det kan gjere behovet for medisinering mindre. Eg skulle gjerne sett at vi hadde fleire program for dei innsatte her i fengselet, seier Bekkenes.

Ringerike fengsel: – Vi leitar etter våpen

Siri Elin Sørlie

TILLITSVALGT: Operativ leiar Siri Elin Sørlie i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund har sendt varsel til direktoratet for kriminalomsorg, etter fire svært travle sommarmånader.

Foto: NRK Runa Victoria Engen

Fem ansatte i Ringerike fengsel kler på seg hjelm og stikksikre vestar. Dei skal inn på ei celle og flytte ein innsatt som er rekna som farleg. Mannen blir flytta, før dei granskar cella hans etter heimelaga våpen.

– Vi har grunn til å tru at han vil skade ein av oss. Det kan verke brutalt, men vi må sikre både vår og hans liv og helse, seier operativ leiar, Siri Elin Sørlie.

Sørlie blir med til ei celle der ein ung mann, som har sone der lenge tidlegare, fortel at han har fått sterke tvangstanker, og at djevelen gjev han ordrer.

Avdelingsleiaren forsøker å få han på betre tankar, men fengselet har lite å tilby han, anna enn tid på luftegarden, i treningsrommet eller med videospel.

– Han er eitt av dei lettare tilfella, hvis det går å seie det sånn, for oss som ikkje har medisinsk kompetanse. Det vi har opplevd det siste halvåret har vore grenselaust, seier Sørlie.

Ho skildrar innsatte som ikkje har kontroll på seg sjølv, som ikkje har grenser for kva dei kan seie til, eller gjere mot, andre.

– Vi har sagt ifrå om den negative utviklinga med tung psykiatri, vald og trugslar. Det vi ønsker er at politisk ledelse skal sjå situasjonen, sånn at vi får nok pengar til bemanning så vi kan handtere dette på ein forsvarleg måte.

– Kva slags respons får de hos den politiske leiinga?

– Sånn som fagforeininga her opplev det, har det vore fråværande.

strip searc

UNDERSØKER: Fem ansatte iført sikkerhetsutstyr skal undersøke om ein strengt vokta fange kan ha laga våpen. - Vi har grunn til å tru at han vil skade ein av oss, seier Siri Elin Sørlie.

Foto: Runa Victoria Engen

Regjeringa vil slanke budsjettet

Justisminister Anders Anundsen (Frp) har nyleg lagt fram årets statsbudsjett for kriminalomsorgen, som inkluderer fortsatt satsing på fengselsplassar i Nederland og soning utanfor fengsel.

I tillegg har dei på plass rusmestringsprogram i somme fengsel, og 10 millionar kroner til helsevesenet. Pengar til å drifte fengsel og ansette, blir det likevel mindre av.

– Statsbudsjettet no legg ikkje opp til frie midlar. Vi er i gong med eit prosjekt for omorganisering, og det er der vi kan få frigitt midler til fleire ansatte, sier Anundsen.

Mens dei ventar på omorganisering, legg justisministeren opp til at norske fengsel skal spare inn over 20 millionar kroner på driftsbudsjettet i 2017.

Anders Anundsen

SLANKAR BUDSJETTET: Justisminister Anders Anundsen (Frp) vil ha kriminalomsorgen til å spare 0,5 prosent av budsjettet, eller over 20 millionar kroner.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Det er ikkje kutt, det er eit krav til effektivisering. Det er snakk om ein halv prosent av budsjettet, det er noko dei kan ta ut av effektivisering av arbeidsplassar og innkjøp til dømes, seier Anundsen.

– Det er ein halv prosent av fire milliardar kroner?

– Ja, på samme måte som i andre deler av offentlig sektor.

– Det er fjerde året på rad?

– Ja, men det er ein halv prosent, eit veldig lavt krav. Dersom ein ikkje klarer å effektivisere med ein halv prosent på eitt år, har ein ikkje lagt mykje innsats i det, seier Anundsen.

– Så det vil i praksis seie mindre pengar til drift?

– Nei, det er ein forventing om at ein effektiviserer, akkurat som i brannvesenet og politiet.

– Dei ansatte seier dei opplev liten politisk vilje til å imøtegå dei. Kva vil du seie til det?

– Det forundrer meg veldig, for vi har hatt ein god dialog med kriminalomsorgen og fagforeiningane. Det er eit samarbeid som har blitt betre, og skal bli betre, seier Anundsen.

AKTUELT NÅ