NRK Meny
Normal

– Ein lure-mulla som lokkar med Paradis

Halmat Goran er truga på livet av mulla Krekar. Krekar seier til NRK i dag at han vil gi gåve til den som drep Goran. – Han burde aldri blitt intervjua, meiner Goran.

Halmat Goran

Halmat Goran er truga på livet av mulla Krekar, og han vart på ingen måte rolegare av å sjå Krekars intervju med NRK.

Foto: Birger Kjølberg / NRK

For nokre år tilbake la Halmat Goran ut ein video på nettet der han brann Koranen. Det er grunnen til at mulla Krekar meiner at Goran bør bøte med livet sitt. Trugslane mot Goran var ein av grunnane til at Krekar måtte sone to år og ti månader i fengsel.

– Alle kan drepe han

I dagens intervju med NRK seier Krekar at Goran fortener å døy for handlinga, og at alle muslimar bør bidra til at det skjer.

Mulla Krekar

Mulla Krekar meiner Halmat Goran må døy for å ha sett fyr på Koranen.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Ikkje berre dei som høyrer på meg, men alle som kjenner til straffa kan drepe han. Alle!, sa Krekar i intervjuet.

Men no er soningstida ferdig, og Goran fryktar på nytt for livet sitt.

– Før var han under kontroll av politiet. Då kunne han ikkje gi beskjed til dei 600 tilhengarane som kan ta mot kommando frå han. Men no er han ute av fengsel og kan gjere det, seier Goran til NRK.

Han seier han er mykje redd, men at han ikkje er redd for å døy.

– Eg er ikkje redd for å døy, for det kjem til å skje ein dag. Men eg er redd for å gå ut saman med andre, bli angripen, skutt eller knivstukken.

– Han er ein lure-mulla

Goran seier han no er redd for alle muslimar, og at han fryktar folk frå både Somalia, Pakistan, Nigeria og andre muslimske land. Han meiner alt er Krekar si skuld, fordi han lurer folk til å lytte til han.

– Han er ein lure-mulla som kan hjernevaske ungdommar og seie at «me skal møtes i Paradis, så gå og spreng deg». Det finst nokre slike i Noreg også, som berre gjer det han seier.

Goran meiner at Krekar aldri burde blitt intervjua av NRK, fordi mullaen i stor grad er kjent for å kome med trugslar, og at han heller ikkje er nokon lærd muslim som taler på vegner av andre.

– Det han seier står ikkje i religionen eller koranen. Han seier til folk at han kjempar for Gud. Men det er berre han som seier det han seier. Det er 17.000 mullaar i Kurdistan, men det er ingen andre som utviser fatwa på meg. Han er ingen lærd mann. Han kan ikkje utvise fatwa og gi folk råd til kva dei bør gjere, meiner Goran.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger