Hopp til innhold

– Ein dag eg grur meg til heile året

– Det er ein tøff dag for meg og heile Noreg, sa leiaren i den nasjonale støttegruppa etter 22.7, John Hestnes, då han tala under markeringa utanfor Regjeringskvartalet i føremiddag.

John Hestnes

John Hestnes grur seg til denne dagen, heile året. Her talar har under minnemarkeringa framfor Høgblokka.

Foto: Marit Kolberg / NRK

– Det er den verste dagen både for meg og spesielt for alle etterlatne. Ein blir minna på terroren, så det er ein tung dag, seier Hestnes. Han står framfor Høgblokka i Regjeringskvartalet, staden der 8 av dei 77 menneska mista livet for fire år sidan.

John Hestnes, AUF-leiar Mani Hussaini, kommunalminister Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg var blant dei som heldt tale under markeringa.

Sanner og Hestnes

Kommunalminister Jan Tore Sanner og leiar for den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, John Hestnes utanfor Regjeringskvartalet.

Foto: NRK / Marit Kolberg

– Ein fantastisk fin vennegjeng

77 menneske vart drepne utanfor Regjeringkvartalet og på Utøya denne sommardagen i 2011. Fire år etter terroren er det mange som har det vondt og som slit, seier Hestnes.

– Det er godt å sjå alle som kjem hit i dag. Vi har blitt ein fantastisk fin vennegjeng, alle dei pårørande og dei som er medlem av støttegruppa, seier Hestnes. I dag skal vi klemme og halde rundt kvarandre, seier han til NRK før markeringa starta.

– 22. juli skapte sår som vanskeleg vil gro

Ein tydeleg rørt statsminister Erna Solberg fokuserte blant anna på sakn og samhald i sin tale.

Blomster i Regjeringskvartalet

Det var også kransenedlegging framfor Høgblokka. I bakgrunnen kan ein skimte det nye 22. juli-senteret.

Foto: Marit Kolberg / NRK

– Vi står i dag saman med dykk som mista det kjæraste de hadde. Eg kan ikkje seie at vi forstår. Berre den som har mista nokre nære kan forstå kor vondt det kan vere, men vi forsøker å forstå, sa Solberg.

Men Solberg snakka også om det å stå saman mot hat, framandfrykt og ekstremisme.

– Vi opplever at ungdom vert tiltrekt av ekstremisme, og nokre reiser ut som framandkrigarar. Di skal utfordre hatretorikk og ekstremisme, og saman kan vi utgjere ein forskjell, sa Erna Solberg.

Statsminister Erna Solberg brukte deler av minnemarkeringen etter 22. juli til å snakke om ekstremisme. – Ungdom tiltrekkes av ekstremisme i Norge. Noen reiser ut som fremmedkrigere. Skal vi bekjempe ekstermisme, må vi mobilsere alle krefter.

– Vi skal utfordre hatretorikk og ekstremisme, sa statsminister Erna Solberg under sin tale framfor Høgblokka.

Opnar informasjonssenter om 22. juli 2011

Samstundes som minnemarkeringa held på, opnar det nye informasjonssenteret om 22. juli 2011. Der får ein informasjon om alt som skjedde denne dagen for fire år sidan, men også om tida etter.

Fleire har vore kritiske til utstillinga, som blant anna viser fram utstyr som terroristen hadde med seg. Men statsministeren meiner senteret er viktig.

– Senteret skal vise kva som skjedde, og spreie kunnskap slik at vi kan hindre vald og terrorisme. Det skal og formidle demokrati og openheit. Det skuldar vi dei 77 som så meiningslaust mista livet for fire år sidan, avslutta Solberg.

Informasjonssenter 22.7

Etter minnemarkeringa framfor Høgblokka, opna informasjonssenteret etter 22. juli. Representantane frå Regjeringa og andre spesielt inviterte fekk ei lukka visning.

Foto: NRK

AKTUELT NÅ