Hopp til innhold

– Ein boikott av VM vil vera usolidarisk

Generalsekretær i Noregs Fotballforbund, Kjetil Siem meiner det vil vera gale viss det Europeiske Fotballforbundet UEFA, går inn for å boikotte fotball-VM.

Kjetil Siem uttaler seg om UEFA og FIFA

IMOT BOIKOTT: Kjetil Siem, Generalsekretær i Noregs Fotballforbund, meiner boikott av fotball-VM vil vera feil.

– Det er nesten ingen som ikkje vil at FIFA skal bli ein betre organisasjon. Eg har nesten aldri opplevd at nokon har sagt at det ikkje er tid for endring, seier generalsekretær i Noregs Fotballforbund, Kjetil Siem.

Men forslaget om at UEFA skal boikotte VM, meiner generalsekretæren vil vera usolidarisk. Han trur derimot at fotballverda vil stå samla dei neste fire åra under den nyvalde FIFA-presidenten Sepp Blatter.

– Eg har alltid sagt og alltid meint at me bør stå saman, seier Siem.

– God anledning til å stille nye krav

Det er uklart for Siem kor samla alle dei ulike europeiske fotballforbunda vil stå i kampen mot FIFA, etter at korrupsjonsskandalane vart kjende.

– Til dømes Russland, som skal arrangere neste VM, vil aldri gå med på ein boikott av sin eigen VM.

Han meiner likevel dette er ei god anledning til å sette nye krav for eit godt samarbeid med FIFA.

– Me er ein stor fotballfamilie, og på ein eller annan måte må me samarbeide. Me kan ikkje legge ned fotballen, seier generalsekretæren.

Har trua på ny valordning

Den mest alvorlege kritikken mot FIFA har vore skuldingar om at VM har vore til sals. Tildelinga av VM til Qatar og Russland har vore prega av korrupsjonsskuldingar etter at 24 FIFA-toppar bestemte kven som skulle få VM, i hemmeleg val.

– Noreg har vore tydelege på at det ikkje kan halde fram slik, seier Siem.

No stiller han sin lit til ei ny valordning, der alle dei 209 FIFA-medlemmane stemmer opent. Siem trur det kjem til å bli vanskelegare å kjøpe VM med den nye regelen når vala er opne.

– Når Yngve Hallen stemmer på England eller USA, så ser alle kva Noreg stemte.

Yngve Hallen, president i Noregs Fotballforbund, skal saman med andre fotballtoppar møtast før Champions League-finalen i Berlin neste helg for å avgjere kva UEFA skal gjere vidare.

AKTUELT NÅ