– Eg kastar opp viss eg går dit, og då kan eg ikkje køyre buss etterpå. Toalettet må ha tilgjengeleg vatn.
Rauf Hussain er bussjåfør og køyrer 31-bussen til Fornebu i Bærum. Han peikar mot ein campingdo og skildrar ein arbeidsdag der det er vanskeleg å gå på do.
I rushtrafikken er over 30 bussjåførar innom endeplassen på Fornebu kvar time. Dei deler eit campingtoalett utan innlagt vatn og med ei dør som ikkje held igjen når du prøver å lukke den. Hussain er tillitsvald for 130 sjåførar.
– Vi køyrer morgon, kveld og natt. Det er mange sjåførar og dei tenker ikkje på oss i det heile, seier Hussain.
Kva gjer du når det ikkje finst toalett?
– Då må vi gå på bensinstasjonen, på kjøpesenteret eller andre stader. Når senteret er ope går vi der, fortel Hussain.
Handvask er minste forventning
Hussain er ikkje åleine. Kollegaer over heile landet slit med det same. I Yrkestrafikkforbundet har dei påpeikt problema i ti år. Dei har fortalt om bussjåførar som gjer frå seg både til skogs og i hagar.
- Les også:
– Vi har ikkje fullstendig oversikt og det er store variasjonar, men det burde ikkje vore eit einaste tilfelle, seier forbundsleiar Jim Klungnes.
Han står på bussterminalen midt i Oslo. Bak bussane står to campingtoalett som sjåførane brukar. Det er reint, men manglar vatn. Klungnes kikkar ned i do og skjer ein grimase.
– Det er rimeleg fullt, ler han. Og legg til at det minste ein må kunne forlange er at sjåførane får vaska fingrane sine.
– Ingen har ordentleg ansvar for det i dag. Fylkeskommunane bør ha ansvaret for det. Det er dei som har ansvaret for kollektivtrafikken og linjenettet. Dei eig bussanlegg og terminalar.
Unngår å drikke før jobb
Sjåførane har lenge varsla om dei uhaldbare forholda. På Fornebu kan særleg sommar og sol gjere lukta uuthaldeleg. Gong på gong har sjåførane meldt frå om sanitærforholda.
– Når kollegaer fortel meg at dei unnlèt å ta til seg drikke før dei går på jobb fordi dei skal ut på ei linje der det er dårlege toalettmoglegheiter, då strider dette mot alt, seier verneombod i Nobina Svend Jonny Øines.
I Yrkestrafikkforbundet krev dei at Samferdselsdepartementet kjem på bana, trass i at det er fylkeskommunane og busselskapa som har ansvaret.
Kvifor skal Samferdselsdepartementet bruke pengar på dette viss det er fylka som er ansvarleg?
– Fylka må ta ansvaret, men vår oppfordring er at styresmaktene sentralt tar eit ansvar for at det er verdige toalettforhold for yrkessjåførane i Norge.
Samferdselsdepartementet skriv i ein epost til NRK at det er arbeidsgjevarane som har ansvaret.
- Les meir: