Hopp til innhold

– Eg kastar opp viss eg må gå på do der

Over heile landet fortvilar bussjåførar over skitne toalett, manglande vatn og såpe eller ingen sanitære forhold i det heile.

Busssjåfører landet rundt fortviler over skitne toaletter.

– Eg kastar opp viss eg går dit, og då kan eg ikkje køyre buss etterpå. Toalettet må ha tilgjengeleg vatn.

Rauf Hussain er bussjåfør og køyrer 31-bussen til Fornebu i Bærum. Han peikar mot ein campingdo og skildrar ein arbeidsdag der det er vanskeleg å gå på do.

I rushtrafikken er over 30 bussjåførar innom endeplassen på Fornebu kvar time. Dei deler eit campingtoalett utan innlagt vatn og med ei dør som ikkje held igjen når du prøver å lukke den. Hussain er tillitsvald for 130 sjåførar.

Vi køyrer morgon, kveld og natt. Det er mange sjåførar og dei tenker ikkje på oss i det heile, seier Hussain.

Kva gjer du når det ikkje finst toalett?

– Då må vi gå på bensinstasjonen, på kjøpesenteret eller andre stader. Når senteret er ope går vi der, fortel Hussain.

Campingtoalett på Fornebu

Ledningen på veggen blir brukt for å halde døra igjen på campingtoalettet ved Fornebu.

Foto: Geirr Larsen / NRK

Handvask er minste forventning

Hussain er ikkje åleine. Kollegaer over heile landet slit med det same. I Yrkestrafikkforbundet har dei påpeikt problema i ti år. Dei har fortalt om bussjåførar som gjer frå seg både til skogs og i hagar.

– Vi har ikkje fullstendig oversikt og det er store variasjonar, men det burde ikkje vore eit einaste tilfelle, seier forbundsleiar Jim Klungnes.

Yrkessjåførar fortvilar over sanitærforholda

Forbundesleiar i Yrkestrafikkforbundet Jim Klungnes.

Foto: Geirr Larsen / NRK

Han står på bussterminalen midt i Oslo. Bak bussane står to campingtoalett som sjåførane brukar. Det er reint, men manglar vatn. Klungnes kikkar ned i do og skjer ein grimase.

– Det er rimeleg fullt, ler han. Og legg til at det minste ein må kunne forlange er at sjåførane får vaska fingrane sine.

– Ingen har ordentleg ansvar for det i dag. Fylkeskommunane bør ha ansvaret for det. Det er dei som har ansvaret for kollektivtrafikken og linjenettet. Dei eig bussanlegg og terminalar.

Unngår å drikke før jobb

Sjåførane har lenge varsla om dei uhaldbare forholda. På Fornebu kan særleg sommar og sol gjere lukta uuthaldeleg. Gong på gong har sjåførane meldt frå om sanitærforholda.

Svend Jonny Øines

Verneombod Svend Jonny Øines fortel at sjåførar unngår å drikke før dei går på jobb i frykt for at dei må på do.

Foto: Geirr Larsen / NRK

– Når kollegaer fortel meg at dei unnlèt å ta til seg drikke før dei går på jobb fordi dei skal ut på ei linje der det er dårlege toalettmoglegheiter, då strider dette mot alt, seier verneombod i Nobina Svend Jonny Øines.

I Yrkestrafikkforbundet krev dei at Samferdselsdepartementet kjem på bana, trass i at det er fylkeskommunane og busselskapa som har ansvaret.

Kvifor skal Samferdselsdepartementet bruke pengar på dette viss det er fylka som er ansvarleg?

– Fylka må ta ansvaret, men vår oppfordring er at styresmaktene sentralt tar eit ansvar for at det er verdige toalettforhold for yrkessjåførane i Norge.

Samferdselsdepartementet skriv i ein epost til NRK at det er arbeidsgjevarane som har ansvaret.

Toalett i Hordaland
Foto: Yrketrafikkforbundet

AKTUELT NÅ