Hopp til innhold

– Eg gav opp Lofotfiske på grunn av juks

Sven-Erik Eikelia reiste på Lofotfiske to år på rad. Gong på gong måtte han gje gratis fisk til fiskekjøparar.

Lofotfiske til fiskejuks

– Vi fekk ikkje betalt for den fisken vi leverte. Dersom vi leverte 2500 kilo så fekk vi berre for 2000 kilo på lappane. Eg er heilt sikker på at dette skjedde, fordi eg veit kor mykje eg hadde i konteinaren.

Foto: Privat

– Eg har bestemt meg for å ikkje reise nordover å fiske meir. Det er ganske mange tusen kroner det er snakk om som dei tar frå deg.

Eikelia starta som rekefiskar, men lite reker tvang han til å reise frå Telemark til Lofoten for å fiske torsk for to år sidan.

Sven-Erik Eikelia gav opp Lofot-fiske etter juks

– Eg har bestemt meg for å ikkje reise nordover å fiske meir. Det er ganske mange tusen kroner det er snakk om som dei tar frå deg, seier Sven-Erik Eikelia.

Foto: Privat

Der opplevde han at fiskemottaka juksa med kvitteringane for å tene meir pengar. Og det tapte han pengar på.

– Vi fekk ikkje betalt for den fisken vi leverte. Dersom vi leverte 2500 kilo så fekk vi berre for 2000 kilo på lappane. Eg er heilt sikker på at dette skjedde, fordi eg veit kor mykje eg hadde i konteinaren.

Dokumentasjon NRK har fått tilgang til viser at også andre fiskarar blir pressa til eller inngår liknande avtalar. Men omfanget kan vi ikkje dokumentere.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Protesterte

Fiskaren fortel at han og andre fiskarar tok jukset dei opplevde opp med fiskekjøparane fleire gongar. Då fekk dei klar beskjed om at det dei hadde fått var riktig.

– Eg såg fleire gonger kva som stod på vekta og protesterte på det. Viss vi ikkje var fornøgd så kunne vi reise ein anna plass eller reise heim. Vi hadde ikkje noko val. Det virka som det var gjengs overalt at det skulle vere sånn, seier Eikelia.

– Juks overalt

– Det var fusk og fanteri overalt. Ein plass måtte vi berre få levert, bli ferdig og komme oss heim.

Eikelia fortel at han og andre fiskarar dagleg snakka om korleis dei skulle få slutt på jukset og at det var mange som klaga.

Idag har fleire tatt til orde for at det må bli fleire kontrollar, for å hindre økonomisk kriminalitet i fiskerinæringa.

Det er Eikelia einig i. Dei gongane det var kontrollørar der han leverte fisk gjekk alt som det skulle.

– Det må bli meir kontroll. Kontrollverket må vere meir til stades på fiskebruka.

– Kan jo melde ifrå

Jürgen Meinert som er fagsjef for kvitfisk i Sjømatbedrifters Landsforeining, meiner at det ikkje fins systematisert juks i bransjen.

– I alle bransjar kan det skje ting som ikkje tåler dagens lys, men vi kan ikkje seie dette er eit problem vi kjenner til

Han seier at kontrollmyndigheitene kontrollerer fiskarar og fiskemottaka godt.

– Eg meiner mottaka blir veldig godt kontrollert. Eg er sikker på

– Kvifor trur du fiskarar fortel om dette dersom det ikkje stemmer?

– Eg vil ikkje påstå at det overhode ikkje stemmer. Men vi har jo system som fanger dette opp. Fiskarane kan ringe og be kontrollørane komme eller klage til andre instansar.

AKTUELT NÅ