Hopp til innhold

– Prisen for vanlege folk kan bli svært høg

Regjeringspartia og SV er einige om statsbudsjettet, men fleire parti er misnøgde med utfallet.

Enighet om Statsbudsjettet

Regjeringspartia og SV er einige om statsbudsjettet for 2022.

Foto: Annika Byrde / NTB

Etter to veker med forhandling vart regjeringspartia og SV endeleg einige om budsjettet for 2022.

Blant nøttene som har vore harde, men som no er knekt, er skatt, klimatiltak, feriepengar for permitterte og rekordhøge straumprisar.

Men alle er ikkje like nøgde med utfallet.

– Prisen for vanlege folk kan bli svært høg, seier Frps finanspolitiske talsperson, Hans Andreas Limi.

Eitt av hovudpunkta i budsjettet er at det ikkje blir ein 26. konsesjonsrunde på norsk sokkel neste år. Det likar Limi dårleg.

– Det kan bety ein nedgang for verdiskapinga i Noreg.

Frps finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi.

Frps finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi.

Foto: Lise Åserud / NTB

Han meiner det også kan føre til at fleire tusen arbeidsplassar i næringa blir påverka.

– Det er skummelt. Då er ein på veg mot avvikling. Det er i alle fall ikkje ei utvikling som Sp og Ap har lova tidlegare, seier Limi til NRK.

Han likar dårleg at det ikkje kjem nye forslag for å hjelpe folk med dei høge straumprisane.

Det er ein gedigen skuffelse, seier Limi.

– Rikaste kan puste letta ut

– Dei aller rikaste kan puste letta ut, seier Marie Sneve Martinussen, finanspolitisk talsperson i Raudt.

Stortingspresidenten

Marie Sneve Martinussen, finanspolitisk talsperson i Raudt.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Martinussen seier at regjeringa fredar det skattekuttet som har hatt mest å seie for auka ulikskap, altså selskapsskatten. Ho meiner at det gjer at den rikaste éinprosenten betalar lågare skatt enn mange vanlege arbeidsfolk.

Det trengst kraftigare lut for å snu forskjellsutviklinga.

Ho meiner det også blir dyrare å vere sjuk neste år, når eigendelen på helsetenester aukar med 461 kronar.

Og dessverre er budsjettet framleis for tannlaust på tannhelse. Det er ikkje i nærleiken av å leve opp til Hurdalsplattformen sitt mål om å likestille tannhelsetenesta med andre helsetenester.

Budsjettforhandlingene på 1-2-3

Budsjettforhandlingene på 1-2-3

Feriepengar for permitterte

Eit av hovudpunkta i budsjettet er at nordmenn som er arbeidsledige eller permitterte vil få feriepengar.

– No har regjeringa med SV levert – eg er rett og slett berre enormt nøgd, seier Lo-leiar Peggy Hessen Følsvik og legg til:

– Vi har heile tida visst at regjeringa med Arbeidarpartiet og Jonas i spissen har ynska å føre inn att feriepengar på dagpengar, og i dag har dei saman med SV verkeleg vist at dei er til å stole på.

LO- Stats kartellkonferanse

Lo-leiar Peggy Hessen Følsvik saman med statsminister Jonas Gahr Støre under LO- Stats kartellkonferanse på Gol.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ho seier det er ein viktig fordelingssak som rettar opp i eit usosialt og urettferdig kutt. Fleire hundre tusen av arbeidstakarar har vore utan ein jobb dei siste åra grunna pandemien, fortel Fløsvik.

– Dette er ein klok prioritering av dei som allereie har betalt ein pris – som sikrar familiar pengar til rekningar og helst også ein hyggeleg ferie for barna.

– Vanlege folk sin tur til å betale skatt

– Budsjettet er dårleg nytt for alle som skapar jobbar, og alle som ynskjer å kome seg ut i jobb, seier finanspolitiske talsperson i Høgre, Tina Bru.

Ho meiner at den beste måten å redusere forskjellane i samfunnet på, er få folk i jobb. Bru seier SV og regjeringa gjer det dyrare å skape arbeidsplassar i Noreg.

Høyres nestleder og finanspolitiske talsperson Tina

– Skattane for vanlege folk skal opp for å finansiere varige aukingar i offentlege budsjett, seier nestleiar og finanspolitiske talsperson i Høgre, Tina Bru.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samanlikna med regjeringa sitt forslag, aukar skattar og avgifter med totalt 2,1 milliardar kronar neste år. Bru seier at folk kjem til å merke det på lommeboka når dei som tener over 644.000 i året må betale meir skatt.

– No blir det vanlege folk sin tur til å betale toppskatt, og dette er berre byrjinga på Støre, Vedum og Lysbakkens skatteaukingar.

I ein e-post til NRK seier Senterpartiet at auka fagforeningsfrådrag, reisefrådrag og endring i trygdeavgift vil gjere at det berre er dei som tener meir enn 750.000 kronar i året som faktisk får auka skatt.

Skuffa over klima

Vi er overraskande skuffa over klima- og naturvernprofilen her, seier stortingsrepresentant i Miljøpartiet dei grøne, Kristoffer Robin Haug.

Han seier vidare at dei sjølvsagt er nøgde med at det ikkje blir noko konsesjonsrunde neste år.

E18-prosjektet Lysaker – Ramstadsletta

- Vi må bygge framtidas kollektivtransport, seier stortingsrepresentant i Miljøpartiet dei grøne, Kristoffer Robin Haug.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Men elles er det full gass for oljebransjen. Det er vi absolutt ikkje nøgd med, seier Haug.

Han meiner også at redningspakken for kollektivtransporten ikkje er nok for å halde den flytande. Haug seier det trengst ein storsatsing på kollektivtransport.

Vi må bygge framtidas kollektivtransport, men det får vi ikkje til med dette budsjettet. Mange tapte moglegheiter her, avsluttar han.

AKTUELT NÅ