Hopp til innhold

– Dette har vore det tyngste året i livet mitt

Forfattaren og historikaren Sanna Sarromaa er kjent for å ha meiningar om det meste. I fjor skreiv ho at nordmenn var sjukmelde og tafatte. No er ho sjølv delvis sjukmeldt etter eit samlivsbrot.

Sanna Sarromaa

Det siste året har vore tøft for forfattaren og debattanten Sanna Sarromaa. Den siste tida har ho vore delvis sjukmeld etter ei skilsmisse.

Foto: Inger Lee / NRK

I fjor kom boka «Norske tabuer». I boka skreiv Sanna Sarromaa blant anna om den norske sjukmeldingsstatistikken, og at Noreg var ein nasjon av sjukmelde og tafatte. No vil enkelte kanskje seie at ho møter seg sjølv i døra.

– Eg skreiv i boka at det var typisk norsk å vere sjuk. No er eg typisk norsk sjølv. Eg er sjukmeld på grunn av eit samlivsbrot. Eg måtte til slutt oppsøke fastlegen min, og seie at no går det ikkje lenger. Dette går ut over arbeidsevna mi.

Dei siste åra har Sarromaa vore ei tydleg stemme i den norske debatten. Ho blei for alvor kjent då ho som lokalpolitikar stilte spørsmål om ein elev med Downs syndrom og autisme fekk godt nok utbytte av undervisninga ved å vere saman med klassen sin. Utspelet blei møtt med kritikk, og enda med at ho trekte seg frå politikken.

Ho har også blant anna kritisert den norske haldninga til rettskriving og om menn i lokalpolitikken.

Tøff tid etter samlivsbrotet

Men i to kronikkar i VG denne hausten, har ho skrive om det å bli skilt, og kva konsekvensar det har fått for henne. Dette har vore det tyngste året i livet hennar så langt, seier ho til NRK.

– Alle trur skilsmissa er brutal. Men det er alt som kjem etterpå som er vanskeleg. Det er underkommunisert kor vanskeleg det er å legge sorga bak seg. Det kan ta år å kome seg vidare.

Kjøpe verktøy

Etter samlivsbrotet har det gått opp for Sanna Sarromaa at det er mange ting ho ikkje visste at ho trengde. Her er ho ute for å kjøpe seg ny verktøykasse.

Foto: Inger Lee / NRK

Og det var denne sorga som til slutt blei for tung å bere, og som førte til at ho måtte sjukmelde seg. Men sjølv om ho har blitt ein del av den norske statistikken, held ho framleis fast på noko av kritikken ho retta mot det norske samfunnet i fjor.

– Eg synest det framleis er underleg at nordmenn, som har så høg levestandard, skal vere så mykje meir sjuke enn dei er i nabolanda.

Har fått tilbakemeldingar

Sarromaa har fått mange tilbakemeldingar etter at ho fortalde at ho hadde gått delvis sjukmeld etter eit samlivsbrot.

– Nokre frydar seg over mi ulukke. Og det må dei gjerne gjere, dersom det gjer livet deira betre. Men eg har godt samvit for sjukmeldinga mi.

Men mange med liknande erfaringar har også skrive til henne for å dele sine historier.

– Eg har nesten 100 meldingar eg ikkje har fått svart på. Fleire av desse fortel om sorga og fortvilinga dei kjenner over alle som seier «skjerp deg», «gå vidare», «gi slepp». Hadde det vore lett å gå vidare, hadde vi gjort det.

Leser i Norske tabuer

Boka «Norske tabuer» kom i fjor. Der skriv Sarromaa blant anna at det var typisk norsk å vere sjukmeld og tafatt. No meiner enkelte at ho møter seg sjølv i døra.

Foto: Inger Lee / NRK

Det siste året har ho ifølge seg sjølv vore uvanleg lite effektiv. Men ho ønsker å melde seg på samfunnsdebatten igjen, men då nokre erfaringar rikare.

– Eg håper eg får krefter til å dundre på igjen. Men kanskje på ein rausare og varmare måte, med større respekt for andre menneske. «Older and wiser».

AKTUELT NÅ